Herøyselskapet kan dermed få dispensasjon frå kommuneplanen for tiltaket ute på neset mellom Gjerdsvika og Haugsbygda. Det er allereie gjort avtale med grunneigarane om bruken av området, der det over tid har vore lite oversiktleg når det gjeld steinuttak og deponering av ulike massar.

Det har ikkje kome merknader til saka, etter utsending av nabovarsel og annonsering i Vestlandsnytt.

Søknaden er grunngjeven med at eit samla massedeponi i kommunen vil vere positivt både for næringsliv og kommunen, og «vil kunne medføre slutt på tilfeldig og ulovleg deponering kringom i kommunen».

Tiltaket vil i fylgje teknisk eining i Sande kommune føre til ei gradvis tilbakeføring av landskapsprofilen i området.

– Steintaket på Gjøneset har vore i bruk i fleire 10-år som steinuttak for fleire større og mindre utbyggingstiltak i kommunen. Dette har medført at området i dag framstår som eit skjemmande terrenginngrep. Området har også vorte nytta til massedeponi og deponering av ulike typar avfall utan særleg kontroll, heiter det i rådmannen sine vurderingar.

Teknisk eining meiner søknaden frå B. Tarberg gir ei grundig orientering om tilhøva på staden. Planen er også at andre i kommunen kan deponere massar i området.

Færre ulovlegheiter?

I søknaden opplyser dagleg leiar/planleggjar Alexander Tarberg i B. Tarberg AS mellom anna:

– Slik vi ser det er det fleire fordelar enn ulemper med tiltaket, og vi meiner eit samla massedeponi i Sande kommune vil gi stor samfunnsmessig gevinst både for næringsliv, privatpersonar og offentleg verksemd. Eit samla massedeponi vil kunne medføre at det blir slutt på uheldig og ulovleg deponering av spreidde masser rundt om i kommunen.

Vidare skriv søkjaren:

– Ei samling av deponerte massar vil verne andre areal frå deponering, samt hindre at folk må transportere massar unødig til godkjende deponi over lengre avstandar med biltransport.

– Flest fordelar

B. Tarberg AS, som held til på Moltustranda, meiner det nye «anlegget» i eit miljø- og samfunnsperspektiv vil ha stor nytteverdi for lokalsamfunnet. I eit miljø- og samfunnsperspektiv vil dette ha stor nytteverdi for kommunen og lokalsamfunnet.

– Det vil etter vår vurdering vere klart større fordelar enn ulemper ved å gi dispensasjon i denne saka. Interessene i LNF-formålet i kommuneplanen er ikkje truga av tiltaket og eit massedeponi vil ikkje vesentleg tilsidesette formålet det blir dispensert frå, ettersom det her er tale om vidareføring av eit etablert område for deponi og uttak av steinmassar.

Tiltaka vil i fylgje dei som står bak tvert imot ha positive element ved seg ettersom det her er tale om eit sterkare fokus på tilbakeføring av landskapet, heiter det mellom anna i søknaden.

Saka skal opp i Sande formannskap komande veke.