Her møtte små og store, unge og eldre, i samla flokk for å slå ring om brannbilen sin.

– Ei nedlegging av brannstasjonen er heilt uakseptabelt. Det er det vi ønskjer å synleggjere både frå oss i Myrvåg/Dragsund og frå resten av folket i Indre.

Klar tale frå Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, som er leiar i Myrvågtoppen grendelag. Saman med grendelagsleiarane Kristin Myrvågnes (Myrvåg grendelag) og Cesilie Sundgot (Dragsund grendelag) har han forfatta det dei kallar «ei bøn» til dei folkevalde i kommunen som snart skal avgjere brannstasjonen sin lagnad.

Bakgrunnen for oppropet er tilrådinga frå administrasjonen om å avvikle brannstasjonsordninga i Myrvåg som eit av ei rekkje tiltak for å kutte dei kommunale driftskostnadene med 10 millionar kroner.

-Vi er forferda

– Vi er forferda over at dette i det heile er eit punkt på ei slik kuttliste. Denne lista burde heller innehalde kutt som ikkje får følgjer for tryggleiken til innbyggjarane i ein stor geografisk og demografisk del av kommunen, seier dei tre som har laga følgjande opprop til politikarane før lagnaden til brannstasjonen skal avgjerast:

«Ifølgje Vestlandsnytt seier kommunalsjefen at brannstasjonen i Myrvåg ikkje er noko anna enn ei femdelt sjåførvakt, at det ikkje er noko krav å ha brannstasjon i Myrvåg, og at Herøy med berre ein brannbil vil ha tilsvarande opplegg som Ulstein og dei andre nabokommunane.

Eit anna punkt er dei 800.000 kronene det skal koste å oppretthalde Myrvåg-stasjonen.

Det fyrste punktet er ikkje anna enn ei arrogant beskriving av ei ordning som vi veit fungerer svært godt, og som ved fleire høve gjennom mange år har vist seg å vere svært viktig for tryggleiken til innbyggjarane.

At det ifølgje ein eller annan sentralt utforma paragraf eller forskrift ikkje er krav å ha ein brannstasjon på ein stad som Myrvåg, skal ikkje vektast tyngre enn viktigheita av å ha denne beredskapen i nærleiken om uhellet skulle vere ute.

Brannvesenet sitt arbeid og virke er ein uvurderleg del av eit kvart samfunn, også dei mindre lokalsamfunna.

Korleis strukturen er i nabokommunane våre er faktisk så å seie heilt irrelevant. Vi er vår eigen kommune, og geografisk er kommunen vår svært spreidd. Vi har lange vegar frå kommunesenteret og ut til dei mest grisgrendte områda. Dessutan er Herøy ein kommune beståande av øyar og bruer som knyt dei saman. Kva så, tenkjer ein kanskje?

Ta til dømes dei årvisse haust- og vinterstormane, som til tider kan vere så valdelege at bruene blir stengde. Med ei nedlegging av brannstasjonen i Myrvåg vil Indre Herøy måtte stole på brannvesena i Sande eller Ulstein dersom ein naudsituasjon skulle oppstå.

I begge tilfelle vil det vere eit godt stykke for brannmannskapa frå nabokommunane å ta seg til Indre Herøy – om dei då ikkje har andre oppdrag.

Er det verkeleg verdt å kutte nokre kroner i kommunebudsjetta, når ein veit at ein kan redde liv om ein let vere?

Indre Herøy består av fleire bygder. Myrvåg er ein del av kommunen som er i vekst både med nye verksemder og tilflytting. Skal Myrvåg framleis vere ein attraktiv stad, og eit senter i Indre Herøy, er ein brannstasjon i nærleiken viktig.

Indre Herøy har i ei årrekkje blitt nedprioritert. Dette kan vi ikkje akseptere», heiter det i oppropet.