– Saman med utviklingsleiaren var eg på besøk hjå Hallvard litt tidlegare i år. Det eg sat att med etter besøket var mykje interessant informasjon som vi som kommune bør sjå nærare på, fortel ordførar Arnulf Goksøyr.

Goksøyr peikar på at geologar som Harrisson Schmitt, tidlegare har fatta interesse for geologien i Herøy.

– Og no som vi har kartlagt havbotnen her ute kan no det kanskje vere på sin plass at vi også kartlegg kva som ligg under mosen, seier han.

Spanande moglegheiter

Sjølv om Goksøyr ikkje vil spå kvar denne geologiske historia vil gå ser han moglegheitene som kan ligge i geologien.

– Spesielt dette med geoturisme er litt interessant. Ved å få meir kjennskap til området vi bur i kan vi utnytte det for å skape meir interesse for kommunen.

Goksøyr seier at kommunen takkar og bukkar for at Eide vil donere frå steinsamlinga si til Herøy.