Ulstein og Hareid skal få ny, felles tannhelseklinikk. I den samanheng går det no føre ein intens, fylkespolitisk dragkamp om kontoret skal ligge på Hareid eller i Ulsteinvik.

Hareid mest tenleg

Kvalsvik, som representerer Uavhengig valliste for Sunnmør, har bite seg merke i eit innspel til saka frå Ulstein-ordførar Knut Erik Engh.

– Det å trekkje Herøy inn i saka, til inntekt for ei lokalisering i Ulsteinvik, er i beste fall frekt. Spør du meg, er det klokast at klinikken kjem på Hareid. Fleire fylkespolitikarar ser i dag saka i ein større samanheng, og snakkar meir eller mindre høgt om at neste steg bør vere å samle fleire klinikkar i Ulsteinvik, seier Kvalsvik til Vestlandsnytt.

Han fryktar rett og slett at lokaliseringsspørsmålet dreier seg om noko langt meir enn berre Hareidlandet.

– Burde Herøy kommune hatt saka på høyring?

– Om ikkje på høyring, så burde i alle fall Herøy kommune engasjere seg i spørsmålet. Ein tydeleg uttale frå Herøy kommune bør vere på sin plass.

Kvalsvik har merka seg at det føregår eit samarbeid mellom tannklinikken på Larsnes og klinikken i Ulsteinvik. Tilsette ved tannklinikken på Larsnes gjekk ut i Vestlandsnytt og fronta Ulsteinvik som lokaliseringsstad.

Samarbeid Herøy/Sande?

– Om det er eit problem at klinikken på Hareidlandet vert lokalisert på Hareid, så kan ein jo lufte tanken om at tannklinikken på Larsnes i staden kan samarbeide med Fosnavåg-klinikken, seier han.

Kvalsvik meiner ein endå større klinikk i Ulsteinvik også kan bli den endelege kroken på døra for Larsnes-klinikken. Han fortel om eit kolossalt trykk i saka.

– Eg har fått førespurnader frå representantar frå dei fleste politiske partia i Hareid og Ulstein. Det er på tide at også vi engasjerer oss, seier Kvalsvik.

Frykta hans går på at viss første steget er å byggje opp ein stor klinikk i Ulsteinvik, så er neste steg å samle alle klinikkane på ytre søre her.

– Det er å starte i feil ende. Skal dette vere målet, må ein involvere alle og få opp ein god lokaliseringsdebatt. Til sjuande og sist kan vi nemleg vere fanga av oppbygginga i Ulsteinvik, åtvarar Kvalsvik.