Dette er mest sannsynleg det einaste tjuveriet som er gjort med Kongen til stades, i alle fall i nyare tid.

Kommunalminister Monica Mæland og resten av regjeringa stal nemleg namnet «Vestland» frå oss, utan å blunke, og dei kom med ei tilståing same dagen, i form av ei pressemelding. Dersom dei trur at namnet ikkje betyr noko for oss, må dei lese historia, og setje seg betre inn i saka.

Det høyrer med til historia at båe fylka som skal slå seg saman, har gått inn for Vestland som namn på storfylket. Dei er med andre ord innblanda i tjuveriet frå naboane sine.

«Å Vestland, Vestland! Når eg ser deg slik, med fagre fjell og fjord og tronge vik, det stig i all sin venleik stort og vilt og atter møter meg så mjukt og mildt»

Tore Ørjasæter skreiv teksta til Vestlandet sin «nasjonalsong» i 1910, og songen har vi eigarskap i. Tonen til Sigurd Førsund er også vårt felleseige, heile songen er vår.

Rykta vil ha det til at Ørjasæter skreiv teksta under eit opphald på Sunnmøre, der han hadde anane sine. Sant eller ikkje sant, vi er i alle fall vestlendingar, det er der vi høyrer til, det er der vi bor, det er identiteten og språket vårt.

Går vi til Store norske leksikon er det offisielt stadfesta der, det er fire fylker som vert kalla Vestlandet.

Dette framlegget frå regjeringa vitnar om ei grunnleggande kunnskapsløyse, krydra med politisk arroganse.

Det var under det høgtidssame Kongen i statsråd, at regjeringa kom med innstilling til namn på dei nye store fylka som skal etablerast. Dei skar i gjennom som det heiter i politikkens ordbok.

Storfylket av Hordaland og Sogn og Fjordane, skal heite Vestland, meiner regjeringa. Kvifor ikkje Gula, Bjørgvin, Bergenhus, eller Midtvesten.

Kvifor la dei ikkje sine kloke hovud i blaut og tenkte på alternative namn? Nei, dei valde minste motstands veg, og tjuveriet av namnet er eit faktum.

I utgangspunktet ville dei to fylka sør for oss, kalle seg Vestlandet når dei slår seg saman. Framlegget vart møtt med hånlatter, og ville protestar frå naboar både i sør og nord. Det var for dumt å stele eit namn på den måten, meinte svært mange. Men så fekk nokon ein nachspiel-idé om at «Vestland» i ubestemt form kunne lurast inn bakvegen. Hurra!!

Stortinget har berre eit val når dei skal handsame saka seinare i vår, dei må finne på eit anna namn, og redde regjeringa frå ei språkleg grunnstøyting.

Men er ikkje dette ei fillesak, ein bagatell som vi ikkje treng å bruke tid og krefter på? Har vi ikkje mange større problem som må løysast i den vonde verda? Sjølvsagt har vi det, men identitet og språk skal ein ikkje tulle med, det betyr svært mykje for folk.

Det handlar om kjensler, og politikarar som ikkje skjønar folk sine kjensler, kjem fort i trøbbel. Finnmark og Troms skal også slå seg saman, det har Stortinget bestemt. Tenk om regjeringa fann på å kalle det nye storfylket for Nord-Norge.Det er ei reell samanlikning. Gløym det fort, dei hadde banna slik i Nordland, at media måtte ha sensurert og teksta alle intervju.

Det verste av alt med dette namnerotet er at det splittar oss vestlendingar, meir enn det samlar oss. Det er det siste vi treng i ein landsdel som er ei sterk kraft både politisk og økonomisk. Sjølv om fjella står og fjordane ligg der, må vi aldri undervurdere at felles identitet og til dels felles språk, gjer det lettare å drage lasset i lag. Difor er det uklokt med ein slik provokasjon, når ein har så mange andre gode alternativ.

Difor blir folk forvirra når dei i 2020 møter skilt på fylkesgrensene som det står Vestland på, dersom Stortinget ikkje ryddar opp i dette tullet.

Så har vi forslag frå regjeringa til namn på to andre storfylker, nemleg «Innlandet» og «Viken» Det er ingen ting som tyder på at kreativiteten er særleg plagsam i maktas korridorar.

Berre for å understreke bodskapen, du les no Vestlandsnytt.

Ha ein klok fredag.