- Dette er heilt enormt. Dette er ein av dei største prestasjonane Bergsøy har gjort på mange år. Det er heilt fantastisk. Det vi jobbar med her i klubben er enormt bra og no er eg ikkje redd for å seie det. Vi er på rett veg, sa Toni Sandanger som var i lykkerus etter kampen.

Fyrste omgang var det ikkje uventa AaFK som hadde styringa. Etter omlag 20 minutt sette Ålesund ballen i mål og det stod 0-1 til pause.

- Vi kan ikkje gå ut å styre ein match som dette. Vår taktikk var å ligge tett og stenge for AaFK. Når det berre blir eitt mål er det mogleg, sa Sandanger.

Mot slutten av andre omgang er det Bergsøy sin tur. Franjo Tepuric og Craig Rogers set kvar sitt mål og slepp med det ei cupbombe i ytre. Ålesund maktar ikkje å utligne, og Bergsøy går av med ein sensasjonell siger på heimebane. Dermed er dei vidare til andre runde i cupen.

Stolt og rørt

- Eg er både stolt og rør over det vi får til her i dag. Eg er utruleg stolt over karane som leverer ein så bra kamp, og ikkje minst er eg kry over vårt fantastiske publikum som står med oss i heile kampen.

Dette sa lagkaptein Daniel Jøsok Kvalsvik rett etter kampen meda han applauderte til alle dei frammøtte på stadion.

Les meir i fredagens avis.