- Eg fann pappas handskrivne notat frå då han skulle skrive til ei båttreff-avis. Eg veit ikkje om dette har stått på trykk eingong, men det er so interessant lesing at eg vart helt hekta. Eg håper de synest det same, og at den kan kome på trykk også i denne tid. Eg trur mange i vår generasjon og eldre vil kjenne historiens sus over dette.

Det opplyser Beathe Hauge, dotter til Oddvar Hauge. Ho har prøvd å skrive av så direkte som mogleg, med ord og uttrykk av gamal dialekt. Det kan vere at enkelte namn eller ord er feiltolka av Beathe i rolla som oversettar. Både Beathe og Vestlandsnytt ynskjer uansett god lesing.

"Fiskeriet i eldre tid"

Når eg no skal skrive litt om fiskeriet på Kvamsøya i eldre tid, so må eg merkeleg nok byrje i; Håkon M. Fiskaa si Bygdebok for Vanylven, for der står det side på 283; «det var dårlig stell med fiskeria, for vanylvingane var meir opptekne av jordbruk enn av fiskje.»

Dei fleste var likevel med i vårtorskefiskeriet på Stadt og øyane i Sande, helst då på Kvamsøya. Dette var i 1750-åra, og bra torske og sildeår. Men endå 100 år tidligare, 1640 – 1660-åra, var det svært dårlig fiskeri, ja so dårlig, at ikkje ein gong prestane fekk preste-tiænda si, so armoda var nok vissaste gjesten i heimane, også på Kvamsøya.

Ved gjennomlesing av Bygdebøkene på Søre Sunnmøre, kan ein skimte ein viss samanheng mellom barne og tidlig ungdomsdød, og perioder med dårlig fiskeri.

Frå 1670-åra ut til 1760 åra var det eit jamt godt torskefiskeri, og i 1736 – 40 åra var det også storfiskje av både sild og storsei, disse fiskeslaga kalla folket her ogso for Kvalsild og kvalsei, då dei trudde det var storkvalen som jaga sild og fisk inn til lands. I 1796 – 1815, låg fiskeriet mykje nede p.g.a. at so mange av unge gutar var utskrivne i krig, (med England bl.a.) , men likevel i 1808 , kom det eit nytt stort innsig av sild, særleg sør for Stadt, men også brukande her i Sande og Vanylvsdjupet, og med dei midlar og mannskap som var råd å få, fiska dei her på våre kantar. So pass at nøda likevel ikkje var so stor som i andre deler av landet.

Dette fiskeriet varde fram til ca 1895-åra, med enkelte svartår inn i millom (1865- 69), då var det her i Sande so lite å få, at gamle A. Lade skreiv i avisene: «Nöden var steget saa höit at dersom ikke hjelpens Time nu havede slaaet, saa havede mange maatte fore sin Tröie med gjeld og kantet den med Tiggeri, men nu har forsynets Fader atter ladet det komme vann i tørre bekker og hvad dette Aars (1865) fiske angaar, saa kan Befolkningen, i alt Fald paa disse kanter, se det kommende Aar i möte emd lysere ud- sikter end de fire forrige.»

Eit lite tips om kor lenge kvamsøyarane har drive fiskje, finn vi igjen i Vanylvssoga, som side 291 fortel at i 1416 var det ein flanlender (Hollandsk kjøparskute), som lærde folket her i Søre Sunnmøre å salte sild so ho kunne opbevarast og seljast både inn- og utanlands. I 1858 var det storfiskje av sild millom Riste og Kvamsøy, (Ristesundet) og dette spreidde seg over heile sokna og til Eltvikja og innover i Vanylven, so ein Lensmann Follestad der, etter eige initiativ, fungerte som eit slags seilande oppsyn, for på den måten å få litt lov og rett og stell på sakene, for det var nok til tider ikkje so fredeleg på «Hava» som ynskjeleg kunne vere.

Det er også noko som eg har høyrt om, (har ikkje funne noko skrive om det) at frå 1835 og utover, vart det fiska hummar, til dels i store mengder nokre år, som vart selt til utanlandske kjøpeskuter. Seinare har nok helst dei store mengdene glimra med sitt fråvær, men «ei god styd opponde» har dette fiskeriet vore til ut i 1960 åra, seinare berre mest som hobby og feriefiskje å rekne.

Ja i disse «gode gamle tider» var det ein hard kamp for tilværet. Svein Molaug fortel i «Kysten vår» om eit båtlag frå Nordfjord som kom hit til Voksa i januar ein gong midt i 1850-åra for å drive sildefiskje (truleg 1858). Fiskjet var godt og karane såg lyst på tilværet, då plutseleg ein av karane vart sjuk og døydde. Dei var verkeleg i stor nød om kva dei skulle gjere, fare heim med dårleg tur, eller fortsette, mannen var iallfall ikkje meir, so dei gravla mannen på Sande og fortsatte fiskeriet. Fyrst då dei kom heim igjen til påske, fekk heimefolket vite om kva som hadde hendt. Men sjølvsagt, enkja og borna fekk den avlidne mannen sin lott av heile sesongen.

Ja, tap av menneskeliv, forlis, kollsigling o.s.b. var noko som høyrde med i tilværelsen her ute, og behovet vart større etter kvart om betre og større båtar allereie på fyrstninga av 1800-1820-åra. So det vart etter kvart storebåt – dei kalla – snart på kvar gard. Det var no leigdemannssystemet kom allment i bruk.

Det var folk frå fjordane som kom her ut, flyttedag midt i oktober og var her fram til påsketider midt i april. Dei hadde kost og losji på gardene mot litt arbeid på garden, vøling av vogn og båt, og so mannslott på eigenkast (?) under fiskjet. Dette var gardsbrukarar og ungdom som hadde lite å ta seg til heime, som eg før har nemnt, men forskjellen er det at no når båtane vart større, so var dei også i bruk om sommaren, med linefiskeri «utai skjere», Svinøya, 1 til 3 timar seglas, Nyehavet dei kalla. So unggutane vart ofte igjen utover sommaren og tjente seg nokre skillingar då også.

Det var no dei byrja take imot fisk på land forskjellige plassar; Larsnes, Sandshamn, Flåvær, seinare Haugsholmen og midt i 1880-åra ogso Storholmen. Fortenesta var vel ikkje so stor, men av og til fekk dei no litt for strevet. Eit mål sild (150 l) vart eit par gonger midt 1880-åra betalt med 5-6 kr, og det var voldsomme greier, den tida.

No i slutten av 1890 til 1900-året hadde det ogso vorte ei sterk utbygging av fiskebåtar ogso i dei andre kommunane, so leigdemenn frå Voldsfjorden, Austefjorden, Dalsfjorden og dalane der inne var her mange av. Ja, eg har høyrt fortalt om leigdemenn at son fylgde etter far i generasjonar på same gardane og båtane, so mong ein stolte øying er etterkomar etter dei som vart gifte og slo seg til her ute for godt.

Nyare tid, 1890 og utover til 1980

I 1890 åra vart det no lagt dekk i eit par båtar (ottringer) og fiskje med drivgarn etter sild ute til havs om hausten og utover i januar-februar. Seinare også linefiskje ut på Eggjakanten, garnfiske etter torsk og sei om våren, so frå no av kan ein seie at heilårsfiskje vart meir og meir vanleg.

Dette breidde meir og fortare om seg enn nokon kunne tru, so ein kan seie at frå 1900 årsskiftet, var ein stor-revolusjon i gang både i fiskeri og i bygdene her omkring. Olai Vikene hadde vore med ei svensk stor skøyte, (seglskute) i ei 3 års tid og både sett og lært nye ting, som kom heile Sandssokna til nytte.

I år 1900 var det 5 dekksbåtar, «Haabet», «Livingstone», «17 Mai», «Sleipner», og «Mjølner», men vart utskifta med «Hænriette», som etter ullykkesnatta, då «Solon» av Slinningen gjekk ned, med 8 mann om bord, vart heitande «Solon» til minne om dei 8, som visstnok var godt kjende av folket her på øya.

«Solon» var den fyrste som fekk motor i 1906, så Olai Vikene sin «Forsøk». Sidan vart det motor i alle båtane til vinterfiskja i 1908. Og det trass i at bankane var svært skeptiske til sånt illeluktande og bråkande svineri, «som bare ved sin blotte tilværelse om bord i et skib, måtte forvæntes at skræmme alt av sild og torsk langt av sted», som ein bankstyrelse uttrykte det i eit låneavslag til ein fiskar her på øya. Men motoren gjorde båtane meir mobile og ein kunne gå der fisken var å finne, kom heimatt og leverte både på Haugsholmen, Storholmen og på Kvamsøya (Støylen og Totland). Banklinefiskjet utvikla seg no med rasande fart framover til første verdskrigen. Prisane var bra, so folket faktisk talt steig inn i pengealderen. Med telefon i 1913, krigsprisar i 1914, is og agn å få i Ålesund, veir- og stormvarsel på Haugsholmen (raude og kvite lys over einannen om natta, svarte kjegler og runde kuler om dagen), vart det ei etter tida rasjonell drift. Turane varte i 2-3 viker, og med line, gjekk båtane både til Tampen, Vikingbanken, Halden og Sklinna, Lofoten med torskegarn o.s.b.

I 1915 vart det stifta eit Sunnmøre Fiskarlag, med O. Vikene som reisesekretær, organisasjonsmann av fyrste rang, seinare lokalt fiskarlag med O. Vikene som formann, og eit 70-tals medlemmer. I verdskrigen 1914-18 var det svære prisar, dei krigførande baud over kvarandre, og 50-60 kr. for ei tynne saltsild, kr 20,- for ei våg (20 kg) salt-torsk. Det var no gode prisar, gode båtar, store mengder sild, so det vart også bygd sildoljefabrikk på Haugsholmen fyrst i 1920-åra. Men no var etterkrigskrakket kome, so mange miste både båt og meir til.

Utover i 1920-åra gjekk prisane litt opp, 50 øre stk for stortorsk, 10 øre for storsei, silda 1,50 til 2,50 for kl. med botnpris kr 0,75 pr. kl. i midten av 1930-åra, men so noko stigande igjen fram til andre verdskrigen. Torsken forsvann i 1933, og no var det tanken om endå store båtar gjorde seg gjeldande, for på Island og Grønland var det mykje fisk å få.

Ved Shetland og Hebridane og Færøyane var det også mykje fisk. Lange, kveite, brosme og litt torsk. Ervikarane fekk ein 62 fots båt som blant anna gjekk til Grønland og salta 50 tonn stortorsk. Men først var dei på håbrandfiskje med flyteliner, og so i 2 år fiska dei kveite på Grønland, leverte til store frysebåtar (1 heitte Korsvik). Mange kvamsøyfiskarar gjorde det bra no i dei 2 siste åra før andre verdskrigen. Nye «Juvel» var komen i 1936, ny «Smaragd» var kontrahert med A.M. Liaaen i Ålesund, motorbåtane var blitt større og optimismen spreidde seg. Garn– og linefiskjet på heimetraktene («skallane», dei kalla) tok seg opp. So braut verdskrigen ut i 1939, og berre få dagar etter vart det fyrste norske handelsfartøyet senka i den Engelske Canal, med mange omkomne, derav 1 frå Kvamsøya, Inge Kvamme, dotterson av Olai Vikene. Krigen kom so til Norge 9. april 1940, og ei svarte-tid byrja, både for land og for folk.

Våren 1940

Våren 1940 gjekk «Juvel» over til Færøyane med både last og folk, fiskarar og deira nære familie, og fortsette der den transporttenesta dei hadde byrja allereie ved krigsutbrotet i Norge 9. april 1940 heile krigen til endes, burtsett frå eit par lineturar til Grønland i 1940 – 41. Gamle «Forsøk» rømde også over til England (Shetland) i byrjinga av krigen med 6 unge gutar herifrå og 2 andre plassar ifrå. Kvamsøyarane kom alle levande i frå krigshandlingar snart over heile verda der krigshandlingar hadde vore. «So heldige har kje vi snart å seie, lov å vere», sa han Rasmus Ervik «men Gudskje takk for at vi var det, men det var trist at ikkje han Inge ogso skulle få lov til å kome heimatt til sine i eit fritt land».

Under krigen vart det styrt med litt fiskeri i det små, so langt olje og forsyningar rakk til, flyndretråling, line og garnfiskje, hummer og litt krabbefiskje, (som var byrja litt av i 1937). Men det vart mykje landligge p.g.a. diverse restriksjonar, so dei 15 båtane over 30 fot, pluss «Viking» som vart innkjøpt til erstatning for «Forsøk» hadde ei slitsom tid. Men navigasjonskurs, elektrisitetskurs, organisasjonsarbeid o.l. gjorde sitt til at tida gjekk forholdsvis fort likevel. Radio var kome om bord i båtane, litt før krigen, og også i heimane, so det var tidtrøyte det også, å gjere slikt vi ikkje hadde lov til av okkupasjonsmakta: Å høyre på London og slikt noko.

Med same krigen var slutt, berre 3 veker etter freds-slutninga, byrja sjødrifta igjen for fullt, med line som denviktigaste reidskapen, og fisk var det bra av, men omsetninga var det dårleg med, og dårlege prisar. Midtsommars tid låg det, (i lag med mange andre) 2 båtar frå Kvamsøya i Ålesund og ikkje fekk levere fisken sin, då vart det starta «so å seie på sparket», eit fyrstehandsomsetningslag, som fekk namnet Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag. Dette fekk stor betydning for omsetninga, og ikkje minst for prisane. Sildefiskarane hadde lenge før krigen starta Storsildlaget, frå 1928 det som vart heitande Stor– og Vårsildlaget, med G. Puntervold som direktør. Olai Vikene var godt kjend med disse karane frå møte og samkome, og no vart det altso dette fiskesalslaget starta i det små, i 1946 med Jacob Sætre frå Gursken som direktør. Dette var vi svært stolte av her på Kvamsøya. Han Sætre var no liksom nesten for kvamsøying å rekne.

Nye båtar kom no til. «Juno» vart levert, «Ristesund», «Ristøy» og «Ariel» ombygd og modernisert, og inn kom Radio-sendar, ekkolodd, radiopeilar, oljefyrte bysser, oppvarmingsovnar. Matstellet og bekvemmeligheitene var ikkje lenger til å kjenne att berre på nokre få år.

Turar til Grønland og Island vart snart heilt alminnelig, likevel, heimefiskjet vart ikkje nedlagt. Tvert om, dei små båtane var med i spelet for fullt med garn og line, flyndretråling ennå nokre år. Hummarfisket tok seg opp, men 3 unge gutar sette livet til, so dette vart vel det fyrste fisket som vart for alvor trappa ned i midten av 1950-åra. Lineturar til Færøyane gav god lott og, i tillegg ein og annan snartur til lands. Det vart reine importen av 8-9 færøytauser og 2 gutar som vart gifte og slo seg ned her, so dette var aldeles ei folkefornying, og det berre av det gode slaget.

Linefiskjet etter pigghå, lange og brosme på Shetland, Irland, Hebridane og i heile Nordsjøen var no heilt vanleg, og båtane gjekk og kom, som regel med gode fangstar. Dette kom godt med då den store smellen kom. Storsilda var oppfiska i 1960-62. Grunnlaget for alt var liksom vekk. Men «Selstø», seinare Brimøy, «Nyforsøk», «Alsegg», «Viking» seinare «Plarex», «Ristesund» og «Rognholm» gjorde det bra med garn og liner på kysten heilt ned til Mandal.

Nylonfiber var allment i bruk frå 1957-58 av, og derfor kunne ein bruke slik vegn året rundt utan at vegna rotna opp. Og det var verkeleg redninga for mange. «Herøyholm», anskaffa i 1953 linefiskje på New-Foundland, Nye «Juvel», 1956, dreiv håbrandfiskje på New Foundland og Nova Scotia og Amerikakysten, nokre år i lag med mange andre norske båtar. Men fiskjet dabba av etter nokre år, og i 1965-66, gjekk denne båten over til kraftblokkfiskje, med kraftblokk (Triplex) og nylonnot etter sild og makrell i Nordsjøen og Norskehavet, seinare ogso loddefiskje i Barentshavet, Svalbard og Bjørnøya til Hopen aust for Svalbard.

Størjefiskjet med not var også eit viktig supplement nokre år på 60-talet, men snart vart det lite å få ogso av ditte slaget. Ved inngangen til 1970-åra vart stortrålaren «Labrador» til, og storlinebåten «Herøyholm» vart seld nordover (gjekk inn i Kystvakta). So berre 7-8 båter var igjen her på Kvamsøya. Desse båtane vart no igjen moderniserte og den elektroniske revolusjonen var i full gang. Ekkolodd med plotteskjerm, Radar, Sonar, Loran, Decca og satelittnavigering var no på veg inn i båtane av nær sagt alle størrelsar. Men alle ting har sin pris. Intens drift, store utgifter, meir fangst, gjev mindre fisk og sild i havet. Når so prisane går ned, gjorde mismotet seg gjeldande for mange av dei unge på Kvamsøya.

Det store utdannelsetilbodet i skuleverket, med stor overgang til andre yrke og stader, det stadig dårlegare brugdefiskjet, eier (?) for andre plassar, det vart iallfall mindre av han. Torsken vart det lite av. Harde kvotereguleringar, til dels dårlege prisar, høge rente-og kapitalkostnader, gjorde sitt til at mange unge skifte yrke. Fiskeriet vart gjerne det siste dei valde. Unge jenter, 3-4 stk, gjekk over i andre yrke, båtane var igjen for små og ulønsame, ei ny utfordring stod for døra, og det var berre ein veg å gå, sanering og fornying i same tida.

I 1976 vart so «Brimøy» utskifta med «Henning», gamle «Stålegg» utskifta med «Stålegg Junior» i 1979. «Stålgutt» vart innkjøpt i staden for «Plarex» midt i 1970-åra, «Alsegg» vart seld og gamle «Labrador», vart utskifta med ny «Labrador», ein av dei fyrste «stortrålarane» her i landet med fiskemjølfabrikk. Trålaren «Gadus» vart omdøypt til «Svalbard», «Juvel» vart fornya og ombygd med kjøletankar for levering av konsumvare, «Drivgard» innkjøpt til garn og linebåt o.s.v.

Linebåtane vart no utstyrte med Mustad autolinesystem. Her var kvamsøyingane igjen med frå starten. Egnemaskina var faktisk gjennom 3-4 år utprøvd i praksis om bord i «Brimøy» og «Henning». («Buggane» som vi kalla han Norvald og Anker). Denne maskina gjorde det harde og slitsomme egnearbeidet til ein leik mot tidlegare tiders såre fingrar, og vart vel den største og viktigaste forbetringa i linefloten dette hundreåret.

Som ein kuriositet kan nemnast var linekastaren vart oppfunnen og utprøvd tidligare i 1920-åra av Karl Ristesund; Svein-Karl i dagleg tale. Om han er det skrive at han var eit «naturtalent av Guds Naade, men endog ikke med noen som heldst utdanning, kunne gå en hvilken som heldst teknisk forsker til hånde». Mange forbetingar innan fiskeriet og andre ting kom ifrå han, men avdi han ikkje tok ut patent på noko, so vart løna føreskrive berre kr 200,- i tilskot frå eit eller anna departement.

Ja, utviklinga i fiskeriet er både spennande og storfeld. I 1880 vart det på Kvamsøya ca 70 -80 mann og ei 25 båtar. Fangstfeltet var Stadt, Svinøy, Runde, båtane 22- 30- 35 fot. I 1980 var det ca 30-35 mann og 3-4 kvinner. Båtane auka i størrelse frå 40-60 fot til 170 – 180 fot, pluss nokre få heimefiskje- og hobbyfiskje-båtar, og reine fritidsbåtar. Fangstfeltet er det ikkje lenger noko som slags begrensingar på, det er der «Hvor fartøy flyte kan».

Men denne rivande og spennande utviklinga no i 1980 – 1990 åra og vidare, er eit so stort emne at det får vi ta opp i neste båt-treff-avis, truleg i 1992. Det vil verte nok å skrive om, snart å seie nok til ei heil avis åleine. Fiskarane våre har allereiee vore eit par år i fiskje på so fjerne farvatn som New Zealand – Australia, Falklandsøyane, Vest Amerika – Alaska – Beeringstredet, Aleytene o.s.v.

No er begrepet World Wide Fishing ikkje lenger fantasi, men ein kvardagsrealitet for koner, born og familiar.

Vi ynskjer fiskarane våre god tur og vel heim.

Kjelder og skrifter

1. Bygdebok for Vanylven. Haakon M. Fiskaa. 2. Soga om Sande og Rovde. Bjarne Rabben. 3. Prosjektarbeid, ½ års eining i Samfunnsfag 1982 av Jorun Hauge, Inger Anne Knutsen, Olaug Kvamme, Tone Rundheim og Liv Norun Ulriksen. 4. Minneskriv av Alfred Ristesund (den eldre). 5. Vår gamle kystkultur. Svein Molaug 6. Frå skårunge til høvedsmann, av Abraham Hallenstvedt og Bjørn Dynna. 7. Diverse avisartiklar og reportasjer i Vestlandsnytt og Sunnmørsposten, Fiskaren m/fl. 8. Muntlige samtaler med eldre fiskarar, so som avdøde Rasmus Ervik og andre.