Verken folk eller dyr kom til skade då ei stor løe brann ned fredag. Men det var ei av Sandsøya sine største løer som rauk med denne gongen, etter endå eit tilfelle av bråtebrenning som kom ut av kontroll.

Driftsbygningen inneheldt både grisefjøs og fjøs for storfe, men det er nokre år sidan det var aktiv drift i bygget.

I tillegg til bygget sin verdi i seg sjølv var det ein del anna i driftsbygningen som gjekk med. Mellom anna ein traktor og ein del lagra innbu og utstyr.

Stod raskt i full fyr

Brannen starta rundt klokka 15.30 fredag ettermiddag, og vitne fortel til Vestlandsnytt at det gjekk raskt før bygget stod i full fyr. Igjen var det bråtebrenning som kom ut av kontroll. Denne gongen var det, slik vi har fått det opplyst, ei relativt organisert form for bråtebrenning, med mykje folk i sving på markane nedanfor løa.

Men likevel miste ein altså kontrollen.

Det lokale brannvernet rykte ut, men det var lite å gjere anna enn å prøve å hindre vidare spreiing. Nyerannbilen rykte ut frå Larsnes, og ferja gjekk direkte frå Larsnes til Voksa. Likevel var det for seint å gjere anna enn å prøve å dempe den til tider valdsame brannen.

Då brannen rasa på sitt verste var det til alt hell relativt stille, slik at det ikkje var umiddelbar fare for spreiing til andre bygningar i området. Våningshuset på garden og eit anna bustadhus i området ligg berre rundt femti meter frå løa som brann.

Då Vestlandsnytt forlet staden rundt klokka 17 fredag, var også politiet på staden, for å gjere sine undersøkingar.

Var ikkje forbod

Sande kommune hadde siste dagane før 15. april IKKJE forbod mot bruk av utandørs eld, etter at forbodet har vore litt «av og på» siste månaden. Brannsjef Kjell Martin Vikene seier det slik:

– Forbodet vart oppheva i Sande 3. april klokka 15.00, noko også 110-sentralen fekk varsel om. Det inneber likevel ikkje at det er fritt fram for å brenne slik ein måtte ynskje. Bråtebrenning skal skje i kontrollerte og godt organiserte former, ein må varsle brannvesenet på førehand og gjerne også låne brannpisker av den lokale brannstasjonen.

Vikene kan ikkje få streka nok under kor viktig det er å vere særskilt merksam på stadar der graset ikkje har vore slått på fleire år. Det kan vere reinaste brannbombene.

Frå og med 15. april, altså søndag, var det generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skogsmark.

Blussa opp att

Søndag morgon måtte det lokale brannvernet rykke ut til same stad. Då hadde brannen nemleg blussa opp att i eit fjøs-tilbygg lengst aust i bygningskroppen. Mellom anna etter å ha slått seg gjennom taket ovanfrå og fått spylt ruinane skikkeleg, fekk brannvesenet endeleg sett ein sluttstrek, snart to dagar etter at brannen starta.

Mange brannar

Det har vore ein travel vår for brannvernet i Sande. Det har utrykkingar til alle bygder, og dei fleste tilfella skuldast bråtebrenning som kom ut av kontroll. Både i Hallebygda og på Sandsøya vart driftsbygningar totalskadde av brann.

I tillegg var det tre andre bygningsbrannar brannvesenet klarte å å sløkkje tidleg i løpet. Det gjeld ei løe i Haugsbygda, eit bustadhus i Hallebygda og eit bustadhus på Voksa.