Felles for vokalistane Brandt-Hansen og Velsvik er at dei begge har scenebakgrunn, og dermed er det nesten like mykje skodespel som song i framføringane deira. Begge to gir alt når dei er på scena. Dette gir publikum ekstra valuta for pengane, for å seie det slik. Og når Herøy Brass nærast overgår seg sjølve – ja, endå ein gong – så er det nesten litt betenkeleg at det berre var vel halvfullt i herøyfolket si storstove. Brassane hadde fleire flotte nummer på eiga hand, utan vokalistar; dette var med på å gi ein fin dynamikk til konserten. Kornettrekka og trombonerekka hadde kvar sitt nummer dei fekk vise seg fram på. Katrine Myklebust Hauge spelte solo med trompeten sin på «The Forres Cradle Song».

Solid direksjon

Kjellstein Knotten har dirigert brassane med suksess i den tida han har hatt dei. Det kom fram at han sjølv var litt usikker på om det var fem eller seks år. I alle fall er det mange timar førebuing som går med når det står eit nytt prosjekt på programmet. Ofte er det skreddarsydde arrangement som er blitt laga nettopp til den eine konserten.

Trusestunt stal showet

Konferansiér Ann Cesilie Skundberg skulle overraske publikum med å synge «The Prayer» i duett med Stephen Brandt-Hansen; i programmet stod «Velsvik/Brandt-Hansen» oppført som songsolistar. Det skulle altså sjå ut som at Skundberg hadde stole duetten frå Velsvik. Dramaturgien var fin; ålesundskvinna sitt neste nummer var «Whatever happened to my part», noko som ho også spelte vidare på.

Introen til «The Prayer» blei ein snakkis etter konserten. Litt inspirert av Lill Lindfors sitt MGP-stunt har konferansiér Skundberg stappa kjolen ned i ei boxershorts-truse. Skundberg tek av seg frakken og står no i trusa. Toppen viser seg å vere ein lang kjole når ho dreg denne ut av trusa. I desse bevegelsane skjer det noko som ikkje er planlagt. Kjolen skal takast ned, men i denne bevegelsen kjem trusa også med, nedover, på innsida.

– Huff, eg oppdaga at trusa hadde kome ned på knea. Der kunne den jo ikkje vere, så eg berre bestemte meg – denne må av!

Dei frammøtte gispar og brøler av latter.

– Publikum trudde sikkert det heile var planlagt, men det var det faktisk ikkje. Heldigvis blei det bra underhaldning av det, ler Skundberg.