Onsdag førre veke kunne omsider gatekunstnaren frå Kroatia byrje å fargelegge den litt fargelause veggen ved Allmenningskaia i Fosnavåg.

– Målinga krev at der er rundt åtte varmegrader ute. Tidvis må det også vere heilt vindstille, seier Curak, som berre har gått og venta på at vêret skulle tillate han å halde fram med jobben han starta på i fjor sommar. Då hadde veggen mange sprekkar som skulle tettast, og kunstnaren måtte også slipe og grunne heile veggen før han kunne byrje med den verkeleg artige delen av arbeidet.

Heldigvis krev ikkje alle objekt like mykje forarbeid.

Naturmotiv

På veggen målar Curak eit landskapsmotiv med ein 3D-installasjon av Runde Fyr på toppen av steinmuren til høgre.

– Eg har laga ein liten tremodell. Forhåpentlegvis vert det lys inni, seier han.

Arbeider raskt

Viss Curak får jobbe konsentrert og ikkje vert forhindra av vêr og vind, reknar han med å bruke om lag tre veker på veggen.

Kva som vert neste prosjekt er enno uvisst.

Har gitt gåve til Fosnavåg

Kunstnaren har allereie måla ei stor krukke - ei gåve frå han til byen - som etter det Vestlandsnytt forstår skal bli plassert utanfor Thon Hotel Fosnavåg så snart kommunen hentar den.

Finansiert av folket

Gatekunstprosjektet vart først initiert av eldsjela Fred Prytz, som snart fekk med seg Henning Karlsen i bemanningsbyrået Verto. Dei starta sida «Kronerulling Street Art Fosnavåg», som raskt fekk mange følgjarar. Faktisk er heile gatekunstprosjektet finansiert ved hjelp av kronerulling, der folk og lokale bedrifter har bidrege med valfrie summar for å «livne opp» gatene i Fosnavåg. Mellom bidragsytarane er Herøy kommune (15.000 koner) og Fosnavågrevyen (10.000 kroner).