Onsdag tek Bergsøy imot Aalesund, med den gamle Premier League-spelaren Lars Bohinen som trenar. Toni Sandanger gler seg til å måle krefter med den tidlegare englandsproffen.

– Det er hyggeleg å møte trenarar med slik erfaring. Eg vonar vi får ein flott dag og ein skikkeleg cup-fest. Kampen betyr særs mykje både økonomisk og som marknadsføring som klubb. Det vert ein festdag for store og små og vi får testa oss mot Sunnmøres suverent beste lag, seier ein spent Bergsøy-trenar.

– Slo aldri på

Serieopninga førre fredag på Color Line Stadion enda med 1–0 tap. Etter ein mållaus fyrste omgang så vart Anders Myking Waagan avgjerande då han sette ballen i mål frå kort hald etter at Petter Aasen gav retur etter 64 minutt. Bergsøy skapte lite og Fredrik Muren vart utvist om lag ti minutt før slutt etter to gule kort.

Sandanger trekkjer fram målvakt Aasen.

– Han var banens beste og stod som ein vegg. Vi har ein av Sunnmøres beste målvakter! Elles var det ein skuffande kamp der lite fungerte. Gutane slo aldri på brytaren og det var lite aggressivitet. Då vert det vanskeleg, for ingen lag i denne divisjonen held så høgt tempo på ball som Ålesund, seier Sandanger. Kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik er også skuffa over seriestarten, men ser fram mot cupkampen.

– Skuffande, men vi tapte for eit betre lag. AaFK2 var gode, men vi kom ikkje nok opp i press og var ikkje nøye med ball. No er det berre å nullstille framfor ei spanande veke. Aalesund på heimebane skal verte ein fotballfest, det har vi og ikkje minst vårt framifrå publikum fortent, seier «Jøsok», som ser optimistisk på kampen.

– Mest truleg vil Aalesund styre spelet, så vi må fokusere på å ligge godt i ramma. Offensivt handlar det om å ta overgangane fullt og heilt, då kan vi skape trøbbel for dei, avsluttar ein kampklar kaptein.

– Cup er cup

Ein av dei som var med sist Bergsøy og AaFK møttest til cupkamp i 2014 er Frank Sverre Skorpen. Han meiner Bergsøy må vere smarte. – I 2014 skulle vi spele vårt spel sjølv om det var elitemotstand. Vi vart naive og fekk fleire brot mot oss. Det kjem alltid ei cupbombe, så vi satsar på at den kjem på Havila Stadion Fosnavåg. Ålesund er gode, men cup er cup. Eg vonar at dei unge spelarane våre får sjansen til å møte dei overbetalte stjernene frå bya, seier 40-åringen.

Sandanger er klar på at ein god plan er viktig.

– Vi må tenke litt taktisk men vi må også tore å utfordre. Det viktigaste er at vi er 100 % på mentalt og klare frå start. Det var vi ikkje på fredag. AaFK har sikkert lyst til å ta styringa frå start og satse på eit tidleg mål, seier Sandanger.

Tøff kampveke

– Det vert ei utfordring med kamp både i morgon og fredag heime mot Volda. Begge kampar er viktige og vi startar med det beste frå start mot Aalesund. Vi vonar å ha Frank Sverre Skorpen og Martin Søvik Røren klare denne veka, seier Sandanger som oppmodar alle herøyværingar om å møte opp.

Vi treng den støtta vi kan få. Eg ser gjerne også at alle våre aktive tek på seg bergsøygensaren og finn vegen til stadion. Eg vil igjen skryte av det fantastiske publikummet vi har på kvar kamp, avsluttar Sandanger.

I Ålesund si generalprøve i helga slo tangotrøyene til med 4–0 over Florø på heimebane. Spissparet Torbjørn Agdestein og Holmbert Fridjonsson scora to mål kvar.

Tepuric og Heltne i duell med AAfk2: Eirik Heltne som var tilbake i BIL-drakt i seriesamanheng kunne ikkje saman med Franjo Tepuric skape nok mot eit ungt Aafk2. Foto: Thomas Teige Sporsheim
Daniel Jøsok Kvalsvik og Toni Sandanger: Her ser vi lagkaptein og trenar under den fyrste seriekampen på fredag. Foto: Thomas Teige Sporsheim