I ei pressemelding skriv Havyard at Leif Gjelseth skal halde fram i selskapet også etter at han går av som administrerande direktør. Leif vil fortsette som rådgivar innan produkt- og forretningsutvikling.

– Det er litt rart når eg no vel å overlate roret etter å ha styrt skuta i så mange år, seier Leif Gjelseth i pressemeldinga.

Samstundes veit han at skuta er i trygge hender når Petter Leon Fauske, som har bygd opp First Process tek over. Petter Leon har vore i bransjen sida tidleg på 90-talet.

Ny administrerande direktør

Petter Leon Fauske ser audmjukt på å ta over etter Leif, men er samtidig veldig klar til å utvikle selskapet vidare.

– Eg har kjent Leif sidan vi jobba i same selskap tidleg på 2000 talet. Han var ein viktig grunn til at vi ønskte å fusjonere First Process med MMC. Leif har ein utruleg kompetanse, spesielt marknadskunnskap, kunderelasjonar og produktutvikling, derfor er det veldig positivt at Leif blir med vidare som senior rådgivar. Etter å ha blitt kjent med resten av organisasjonen, kompetansen og teknologien har eg fått bekrefta at avgjerda om å fusjonere var riktig. Eg ser eit kjempepotensiale i å ta selskapet vidare med alle dei flinke folka vi har i systemet, avsluttar Petter Leon.

Petter Leon Fauske har utdanning som maskiningeniør frå Høgskolen i Ålesund og har nyleg gjennomført vidareutdanning innan marknadsføring på Handelshøyskolen i Bergen (NHH).