Almestad – Gursken er ei av fylkesvegstrekningane som skal asfalterast denne sesongen.

- Vi prioriterer strekningar som er sporete og som har dårleg standard, fortel seksjonssjef Thor Asbjørn Lunaas i Statens vegvesen.

I Gursken er det ei strekning på vel 1,5 kilometer som skal asfalterast denne sommaren. Ny asfalt blir det også frå Garneskrysset til Kvennavågen (Myrvågkrysset), som er ei strekning på 2,8 kilometer, men meir dekkelegging blir det ikkje på øyane i denne omgangen.

- Vi har ikkje nok pengar til å asfaltere alle vegar som burde hatt nytt dekke. Difor må vi prioritere, og då legg vi til grunn trafikkmengd, andel tungtrafikk og trafikksikkerheit, seier Lunaas.

I Vanylven finn vi ein av dei lengste fylkesvegstrekningane som får nytt dekke. Det gjeld vegen mellom Eidså og Syvde, der til saman 4,79 kilometer får ny asfalt.

Totalt skal det asfalterast 140 km fylkesveg og 50 km riksveg i fylket denne sesongen. Asfalteringa startar i mai og blir avslutta i september.