– Aktiviteten er rekordhøg, fortel dagleg leiar Jarle Gunnarstein, som i helga var i Lofoten på dåp av enda eit nytt kystfiskefartøy frå Larsnes.

Som så mange andre kystfiskefartøy er også Gunnar K. bygd på Larsnes som verftet sitt bygg nummer 60. Skroget til den 38,65 meter lange Myre-båten kom frå Gdansk i Polen i slutten av oktober. Når ein dreg ifrå jule- og påskeferiane har Larsnes-verftet brukt om lag fire månader på utrustingsarbeidet.

– No får vi letta litt på trykket, men det blir bra med køyr framover også, fortel Gunnarstein, som i løpet av nokre vårveker også skal ha neste ny- bygget leveringsklart.

Fram til den 82 meter lange brønnbåten Ro Fortune er levert, vil mellom 160 og 180 personar vere i sving på verftsområdet. Gunnarstein fortel at dei etter det kjem til å skalere ned bemanninga ein del framover til ferien. Bygg nummer 62 skal vere ferdig i løpet av mai.

Deretter blir det å trappe opp igjen, for innan utgangen av året har verftet ytterlegare to kystfiskebåtar som skal ferdiggjerast.

Den fyrste, som er Hovden Viking (bygg 61), kjem til Larsnes i månadsskiftet mai/juni, og skal leverast utpå hausten. Den 36 meter lange fiskebåten blir den tredje Larsnes-bygde båten til reiarlaget på Selje.

I månadsskiftet juni/juli kjem så det 43 meter lange skroget til Troms-båten Nordhavet (bygg 59).

Samtidig med leveringa av Nordhavet, kan verftet starte på utrustinga av ein ny pelagisk trålar på 75,4 x 15 meter til reiarlaget Sephyr Fishing Company på Shetland. Etter at skroget til Zephyr er kome til Larsnes i løpet av desember, har verftet om lag eit halvår på seg til å gjere båten ferdig.

Dåp for 400

Gunnarstein fortel at rundt 400 personar var til stades under dåpen av Gunnar K. på Myre hamn laurdag. Mellom desse var 25-30 som verftet hadde invitert med seg nordover for å vere med på hendinga.

– Vi er utruleg fornøgde. Her om bord er det gjort mykje godt handverk, sa reiar Rolf Guttorm Kristoffersen til avisa Vesterålen etter dåpen.

Den stolte reiaren omtalar Gunnar K. som verdsleiande, spekka som den er med skreddarsydde løysingar, mellom anna for levandefangst av torsk.