Sjå for deg ein marknad der eit mangfald av matvareprodusentar står og sel sine matvarer. Alle kan kome og selje sitt produkt på same vilkår som alle andre. Dette er tanken bak den nye nettsida Bazeat.com som blei lansert i Fosnavåg nyskapingspark på måndag.

– Bazeat er svaret på kundane sitt ynskje om eit større matmangfald, og meir informasjon om kvar og korleis maten vert produsert. Bazeat gjer at folk blir kjende med den som produserer maten, og det er viktig for forbrukaren si tryggheit, fortel Tor Kristian Stevik og Børre Waagan. Dei er to av gründerane bak Bazeat gjennom selskapet Creeact As.

– Namnet er ein kombinasjon av orda «Bazar» og «Eat», fortel dei to etter lanseringa.

Lanseringa blei feira med ein tapasmiddag tilberedt av restaurant- og matfagelevar frå Herøy vidaregåande skule. Den raude tråden var at matvarene var alle henta frå ulike lokale matvareprodusentar.

– Marknad for det

Nettsida fungerer ganske enkelt slik at matvareprodusentar legg ut sine varer for sal slik at brukarar kan kjøpe matvarer direkte frå leverandøren. Ein kuttar såleis ut mellomledd som til dømes tradisjonelle matvarebutikkar.

– Vi ser trenden både heime og i utlandet. Folk er meir opptatt av større mangfald og ikkje minst lokale matvarer. Derfor trur vi det er ein marknad for ei slik digital satsing, fortel Stevik.

Dei har so god tru på tenesta at dei inntil vidare har gjort den gratis for matvareprodusentane.

To andre som har tru på den digitale marknadsløysinga er Lisa Mari Brevik Andersen, som driv framiliebedrifta Gode Greier og Petter Velle i frå Tindemat.

– Dette gjer det lettare for oss å fronte lokal mat, og folk får kjøpe direkte med oss, seier Breivik Andersen og Velle.

Velle trur at fleire vil nytte seg av moglegheita og kjøpe mat direkte frå leverandørar.

Høgare verdiskaping

– Direktesal av mat frå leverandør til kunde gir høgare verdiskaping og meir sysselsetting samanlikna med matvarehandelen vi har i dag. Ei meir lønsam og berekraftig matomsetning kan bidra til mange nye arbeidsplassar, fortel Waagan avslutningsvis.