Herøy kommune fekk i 2017 eit positivt netto driftsresultat på om lag 9,5 mill. kroner. Det viser økonomileiar Geir Egil Olsen sine tal etter at alle rek- neskapsmessige forhold er avklara.

Resultatet utgjer 1,47 prosent av kommunen sine driftsinntekter, som er under det statlege målet på 1,75 prosent.

Ikkje meir enn det bør vere

– Eit driftsresultat på 9,5 millionar kroner er ikkje meir enn vi bør ha. Faktisk er det i underkant.

Slik svarar rådmann Olaus Jon Kopperstad på kvifor drifta må kuttast, samtidig som kommunen leverer stadig fine overskot på drifta.

I 2016 hadde kommunen eit mindreforbruk på heile 22,5 millionar kroner, som gjekk til å styrke kommunen sin reservekapital. Den kan no styrkast ytterlegare med 10 millionar kroner.

Ifylgje rådmann Kopperstad bør Herøy kommune levere årlege driftsresultat i området frå 10 til 13 millionar kroner.

– Såpass bør vi kunne levere for at vi skal ha ein kommuneøkonomi som kan kallast robust, forklarar han.

Nivået må ned

Kuttprosessen som no er i gang er ein konsekvens av økonomiplanen som blei vedteken med føresetnad om å ta ned det kommunale driftsnivået med ti millionar kroner på permanent basis. Rådmannen sitt alternativ, med mellom anna innføring av eigedomsskatt, har framleis ikkje politisk fleirtal i Herøy. Redusering av driftsnivået er difor nødvendig for å oppnå den økonomiske balansen slik at kommunen går klar fylkesmannen si svarteliste (ROBEK).

-Desse kutta ligg som ein føresetnad for økonomiplanen heile vegen, seier Kopperstad og viser til at i tillegg kjem det 7,5 millionar kroner i rammeinnsparingar kvart år.

Må aukast framover

Dei harde fakta er ifylgje Kopprstad at om ein skal oppnå balanse, må summen av reduserte kostnader og auka inntekter opp i 14 mill. kroner i 2019, og auke til 17 mill. i 2020 og 20,5 mill. i 2021.

Fleire grunnar

Det er fleire grunnar til at det gjekk så mykje betre enn det såg ut til til langt utpå hausten.

– For det fyrste blei pensjonskostnadene over fem millionar kroner lågare enn medrekna, samtidig som finansinntektene blei nesten to millionar kroner betre enn budsjettert. I tillegg viste dei tilsette god budsjettdisiplin og løyvde pengar, forklarar økonomileiaren.

Det samla mindreforbruket i avdelingane kom på om lag 3,2 millionar kroner.

Betre enn prognosane

Svikten i skatte- og rammeinntektene blei heller ikkje så stor som det lenge såg ut til.

– Politikarane var på offensiven med å budsjettere skatt og rammetilskot. Vi fekk ein liten svikt, men tala blei mykje betre enn det prognosane viste på hausten, fortel Olsen.

Eit anna positivt trekk med 2017-rekneskapen er at kommunen si langsiktige lånegjeld ikkje auka med meir enn ein halv million kroner. Likevel er lånegjelda på 840 mill. kroner for høg i forhold til driftsinntektene (nær 130 prosent).