Her møtte 125 nye statsborgarar frå 17 sunnmørskommunar som hadde takka ja til å vere med på hendinga. Deltakinga var større enn nokon gong tidlegare ved tilsvarande arrangement.

I fjor arrangerte Fylkesmannen for fyrste gong to statsborgarseremoniar i Møre og Romsdal. Det blei ein stor suksess og førte til enda fleire påmelde. Deltakinga i år var rekordstor med nye statsborgarar og deira gjester.

Alle hadde teke plass i salen på Sjøborg då dei nye statsborgarane kom inn – akkompagnert av Ingfrid Grimstad på piano. Administrasjonssjef hos Fylkesmannen, Hilde Aure, ønskte alle velkomne og fekk barna til å vinke med flagga dei hadde fått.

Iver-Olaf og Ingfrid Grimstad song Halvdan Sivertsen sin «Sommerfuggel i vinterland», før fylkesmann Lodve Solholm heldt tale til dei nye statsborgarane.

Gjestetalar Lidia Kozginova heldt ein varm og flott tale til dei nye statsborgarane. Ho fortalde også litt om korleis det var for henne og familien å kome til Norge for litt over 18 år sidan. Dei flytta frå St. Petersburg, ein by med om lag fem millionar, og kom til Vigra. Der kunne ho gå med barnevogn i timesvis utan å treffe eit einaste menneske.

Ho kom med gode råd om korleis ein sjølv kan ta tak for å bli ein del av lokalsamfunnet og skaffe seg vener og kjende. Hennar bodskap var at den som sjølv er aktiv og tek initiativ for å bli kjend med folk, deltek i frivillige organisasjonar og ikkje seier nei til dugnader, men viser ei positiv haldning, har betre sjanse til å skape seg eit nettverk.

– Det eg kanskje set aller mest pris på i Norge, er at her er det vanleg å stole på kvarandre. Den tilliten er ein verdi eg håper vi får behalde også i framtida. Eg håper verkeleg at de vil trivast her i Norge, og at draumane de ber på blir oppfylte. Lukke til, avslutta Lidia.

Alle dei nye statsborgarane fekk tildelt gåvebok og ei rose, før dei las opp Truskapsløftet saman med fylkesmann Solholm.

Som avslutting reiste alle seg og song Nasjonalsongen. Etter at det offisielle programmet var over, var det klart for servering i foajeen og restauranten på Ulstein hotell