Sjansefattig på «River Plate»

LGFK – Rollon 0-1

Nyhende

Mål:

Anders Giske Hagen (61 min)

Gule kort:

Leiv Sindre Muren og Anders Vaagen (Larsnes Gursken) og Nikolas Hay og Anders Giske Hagen, SK Rollon

Tilskodarar: ca 100

Dommer: Richard Olsen (Åmdal IL, Ørsta Fotball)

Fredagens serieopning i 4. divisjon mellom heimelaget Larsnes Gursken FK og gjestane frå SK Rollon vart ein kjedeleg og sjansefattig kamp mellom to lag som etter kvart nesten utelukkande satsa på lange ballar opp mot angriparar som sjeldan fekk tak i kula. 

SK Rollon kom best igang og hadde trykk på heimelaget sitt forsvar men utan å skape dei store sjansane.  Unntaka var eit par hjørnespark frå høgre, men heimelaget sitt forsvar stod godt i mot, og keeper Kurt Ove Longva hadde lite å gjere i 1. omgang.

Det tok heile 25 minutt før heimelaget fekk den første målsjansen, men Torgeir Skeide si heading gjekk eit par meter til side for mål.

Andre omgang starta som den første.  Bortelaget hadde initiativet i kampen, og det var ikkje ufortent då lagets midtstoppar Anders Giske Hagen sette ballen i mål frå kort hald etter eit hjørnespark.

Heimelaget fekk løfta spelet sitt dei siste minutta i 2. omgang, men utan at dei skapte trøbbel for Rollons keeper Thorsen. 

Spelande trenar Anders Vaagen syntest det vart ein tung kamp:

– Rollon køyrde på med lange ballar og tok ingen risiko.  Det vart vanskeleg å bryte Rollon sitt spelemønster, og vi fekk ikkje pasningsspelet til å stemme.