Søre Sunnmøre tingrett utsette denne veka behandlinga av to konkurskrav mot Sunsea As.

Det eine konkurskravet er framsett av Hafslund Teller As. Bak det andre står Sibelia Invest As. Begge krava blei teke opp i tingretten måndag, og utsette med same grunngiving.

Kravde tvangsakkord

I tingretten møtte dagleg leiar Edgar Sandanger og sette fram krav om tvangsakkord. Sandanger hevda at selskapet er betalingsdyktig, førutsett at ein tvangsakkord blir gjennomført.

Denne påstanden betvilte Hafslund Tellier sin advokat, og viste til at Sunsea ikkje har framlagt dokumentasjon på at selskapet ikkje er betalingsudyktig.

Forsøk på favorisering

Derimot hevda advokat Hege Robudal Stenkløv at akkordkravet ikkje var anna enn eit forsøk på å favorisere andre kreditorar. Dette grunngav Stenkløv med at den største kreditormassen er selskap der dagleg leiar med fleire er deleigarar, og at tvangsakkorden framstår som eit forsøk på at desse skal få mest mogleg på kostnad av eksterne kreditorar.

Stenkløv kunne ikkje sjå at dokumentasjonen som blei framlagt under rettsmøtet viste korleis ein tvangsakkord kan finansierast. Difor meinte han at forslaget til tvangsakkord framstod som høgst uklart.

Har drøfta løysingar

Mellom Sunsea og den andre saksøkjaren har det vore ført forhandlingar og framsett forslag til løysing. Medan det frå Sunsea blei hevda at Sibelia Invest vil få dekka sitt krav utanfor tvangsakkorden, viste Sibelia til at ingen av dei framsette løysingsforslaga hadde blitt akseptert. Dermed hadde konkurskravet blitt framsett.

Retten viser til at ifylgje konkurslova skal behandling av eit konkurskrav utsettast fram til kravet om opning av gjeldsforhandlingar er tilbakekalla eller rettskraftig avslege, innstilt eller avslutta. Deretter vil retten ta saka opp til avgjersle utan ytterlegare rettsmøte.

Eit anna konkurskrav, retta mot selskapet Sunsea Seafood, vil bli teke opp til avgjerd med det fyrste. Også der er det eit spørsmål om selskapet er betalingsdyktig eller ikkje.