Vanylven FK er den store favoritten i 6.-divisjon avdeling 3. Laget som tidlegare heitte Åram/Vankam har ei lang reise bak seg i divisjonane, der eventyret starta med Åram IL som spelte seg opp i 3.-divisjon. Vi trur Vanylven FK rykkjer opp, men det blir ingen «walk in the park» for Øyvind Myklebust og Ole Per Kragset å ta laget til 5.-divisjon.

Ein av utfordrarane er Gjerdsvika/LGFK2. Dette laget har ei fin blanding talent og rutinerte spelarar, men kan kome til å variere ein del i prestasjonar. Det same gjeld Bergsøy 2, som på ein god dag slår alle, men som samstundes vil svinge i takt med kva mannskap som er tilgjengeleg.

Det vert også varsla at Hasundgot og Hødd 3 har rimeleg bra lag på gang i år. Dermed kan det i utgangspunktet sjå litt utfordrande ut for Tjørvåg, som er det einaste laget frå indre Herøy vi finn i 6.-divisjon denne sesongen. Også Larsnes stiller lag i 6.-divisjon, og det blir spanande korleis dei vil hevde seg. Rykta seier alderen på spelarane varierer frå 15 til over 50 år…

Det er berre åtte lag i 6.-divisjon avdeling 3, og det er ei rein søre-avdeling, mykje likt «Søre-serien» for nokre tiår sidan. Vi trur serien endar slik:

6.-div avdeling 3

1. Vanylven FK

2. Hasundgot

3. Bergsøy 2

4. Gjerdsvika/LGFK2

5. Hødd 3

6. Hareid 2

7. Tjørvåg

8. Larsnes

Vi skal ikkje påstå at serien i 4.-divisjon for menn vil ende opp med laga plasserte i alfabetisk rekkefylgje. Men tipset er at dei to første plassane går til A (Aafk) og B (Bergsøy). Det grunngir vi kort og greitt med at AaFK sine nest beste truleg held eit mykje høgare nivå, på jamna, enn dei andre laga.

Bergsøy har imponert stort i treningskampane og cupen så langt, og kjem til å få ein fin sesong i 4.-divisjon. Men det kan vere grunn til å minne om at det står ein lang sesong for døra. Skader eller karantener på nøkkelspelarar kan raskt snu på bildet. Likevel trur vi Toni Sandanger sine menn vil kjempe bak Aafk.

Kva med vår andre representant, LGFK? Laget går aldri høgt ut framfor seriestart. I fjor var dei tippa nord og ned, men kjempa i toppen i første del av sesongen. Likevel trur vi avskalinga no er så stor at det skal godt gjerast å kare seg over midten. Men: Overgangar like før sesongstart vil avgjort styrke kandiaturet til Sande sitt beste lag!

Det er ein vanskeleg divisjon å tippe utfallet i, men vi prøvar:

4.- divisjon herrar

1. Aalesund 2

2. Bergsøy

3. Volda

4. SIF/Hessa

5. Rollon

6. Ørsta

7. FK Sykkylven

8. Valder

9. Godøy

10. Larsnes/Gursken

11. Emblem

12 Hareid

Når det gjeld damefotballen finn vi som kjent eit nyoppretta lag i vårt område; Bergsøy/Tjørvåg/Gurskøy. Dei er påmelde i 11-arserien, 4.-divisjon. Herøylaget er påmeldt som niarlag, tilliks med Stranda/Sunnylven, MSIL og Emblem.

Damene frå Herøy stilte som 11-arlag i fjor og enda på 5. plass. Målet er kanskje å forsvare ei slik plassering i år? Eit uhøgtidleg tips også her:

4.- divisjon kvinner

1. Valder

2. Hødd 2

3. Stordal

4. Ørsta

5. BIL/TIL/GIL

6. Stranda

7. Aksla

8. Emblem

9. Herd 3

10. MSIL

Larsnes er med i sjuarserien for damer. Det var dei også i fjor, i ein serie som vart litt amputert med nokre lag som trekte seg. For LIL vart det ikkje ein supersesong i 2017, og målet må vere å klatre litt på tabellen i år. Guard blir nok sterke også i år. Tipset:

Sjuarserien kvinner

1. Guard

2. Spjelkavik

3. HaNO/Lepsøy

4. SIF/Hessa

5. Ørskog

6. Larsnes

7. Volda/Folkestad