Verdifull «Rederidag» i Fosnavåg

PRESSEMELDING

Paneldebatten: Kamilla Egeland frå NAV Arbeidslivssenter Møre & Romsdal, Linda Hårberg frå Island Offshore, NAV-rådgivar Magne Ove Dimmestøl, senioringeniør Anne-Marie Myklebust frå sjøfartsdirektoratet, Bjørg Borger frå Norsk Sjømannsforbund og NAV-rettleiar Sølvi Woldsund Myrhol.  Foto: Thomas Teige Sporsheim

June Skeide Bergseth: Bergseth informerte om «Klekkeriet» og lokale moglegheiter.  Foto: Thomas Teige Sporsheim

Nyhende

Det seier Kamilla Egeland frå NAV arbeidslivssenter Møre & Romsdal. Ho var ein av fleire foredragshaldarar på Rederidagen hjå Thon Hotel Fosnavåg denne veka.

– Slike arrangement er særs verdifulle for oss og ein flott arena for erfaringsutveksling og kunnskapsdeling med arbeidsgivarar, seier Egeland som anbefalte sterkt alle arbeidstakarar og arbeidsgivarar å ta i bruk dei digitale løysingane.

– Sparer mykje tid

– Ein får god rettleiing undervegs i utfylling av skjema på nav.no og arbeidsgivar sparer mykje tid på feilretting fordi søknadane kjem med høgre kvalitet. Ein tek i større grad vare på personvern samstundes som det vert lagt meir vekt på ansvarleggjering av arbeidstakar. Saksbehandlingstida minkar også hjå NAV, seier Egeland, som nesten utelukka har erfart positive tilbakemeldingar frå arbeidsgivarar.

– Dei opplever digitaliseringa som ei forenkling, og det vert heile tida jobba med å forbetre tenestene. Planen framover er å utvikle og lansere digitalt inntektsskjema og digital søknad om unntak frå arbeidsgivarperioden. Denne effektiviseringa med omsyn til digitalisering i NAV frigjer tid og ressursar til oppfølging av personar som treng det mest og få fleire i arbeid, avslutta Kamilla Egeland.

Lågterskeltilbod

June Skeide Bergseth frå NAV Herøy presenterte mellom anna lågterskeltilbodet «Klekkeriet» som held til i Fosnavåg Nyskapingspark.

– Det er eit arbeidsretta prosjekt, der målgruppa primært er ungdom under 30 år som også står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet. Der prøver vi å finne ut kva folk kan tenkje seg å drive med ut ifrå interesse. Samtidig er det bra, sosialt, og det er fint å ha moglegheita til å gi folk arbeidstrening, fortalde Bergseth.

Dyrt sjukefråvær

Under paneldebatten blei graderte sjukemeldingar eit av diskusjonsemna.

– Det er god oppfølging frå NAV-kontora, men det er vanskeleg å ivareta graderte sjukemeldingar. Hensikta med gradert sjukemelding er å halde oppe kontakta med arbeidsplassen og dra nytte av restarbeidsevna, sa assisterande mannskapssjef Linda Hårberg frå Island Offshore. Ho kunne mellom anna melde at totalsjukefråværet i Noreg kostar staten om lag 65 mrd. kroner årleg.

For reiarlaga som var representert var det snakk om 23 408 dagsverk, noko som utgjør 58 520 000,- i utgifter ved alle som er sjukemelde.