Står fast på innspelet

Sande kommune står på for Sandsøy Servicebåt AS, og kravet om å få bruke heile industritomta.

Sandsøy Servicebåt: Selskapet som opererer med tre båtar, hovudsakleg inn mot oppdrettsnæringa, held til like ved Storevika naturreservat.Til venstre i bildet ser vi moloen ut til den vesle kaia. (Foto: Ingar S. Bringsvor) 

Nyhende

– Vi kjem til å halde fast på kravet om at selskapet skal kunne nytte industritomta si slik dei ynskjer, seier ordførar Dag Vaagen etter at formannskapet tysdag tok stilling til saka.

Saka gjeld eigentleg ei justering av grensene i Storevika naturreservat. I fjor kom det eit nytt framlegg til grenser, der det var ein del justeringar. Miljødirektoratet gav Fylkesmannen beskjed om at saka måtte utarbeidast på nytt.

No skaper det nye framlegget frå Fylkesmannen oppstyr. Sandsøy Servicebåt AS, som har ei tomt som grensar til naturreservatet, får nemleg framleis delar av tomta si «bandlagd» til sjøfugl.

Krav om ny saksbehandlar

Nyleg varsla styreleiar Inge Bringsvor i Sandsøy Servicebåt AS at dei har sett krav om at det vert oppnemnt ny saksbehandlar frå Fylkesmannen i saka. Sandsøy-selskapet føler dei vert motarbeidde, og at det har gått prestisje i saka frå styresmaktene si side.

Sande kommune syner til at eigedomen til selskapet vart etablert i 1984. Det var før området i nærleiken vart regulert til sjøfuglreservat.