– Ja, vi håpar og trur vi er klare for årets sesong. Vi har hatt ein del avlysingar av treningskampar som ikkje er heilt ideelt, men likevel har oppkøyringa vore grei.

Dette seier Anders Vaagen, spelande trenar for Larsnes/Gursken berre dagar før seriestart.

Tapte mot Ørsta

Måndag spelte LGFK ein treningskamp mot Ørsta. Fyrste omgang var jamn og LGFK hadde ei eittmålsleiing til pause, men i andre omgang rakna det litt for heimelaget og dei tapte til slutt 1–4.

– Med færre treningskampar er vi litt spente før vi no skal sparke i gong sesongen, men no skal vi berre sjå framover, seier Vaagen.

I ettermiddag møter dei Rollon for årets fyrste seriekamp. Det er ein motstandar som Vaagen omtalar som tøff.

Ballbesittande underhaldning

Spelarstilen ein kan vente seg i år er ein ballbesittande taktikk. Samstundes seier Vaagen at dei har eit mål om å vere litt meir kyniske og gripe fleire sjansar.

– Vi vil nok prøve å bli litt meir kyniske i ballspelet vårt. Uavhengig av det kan publikum forvente seg god underhaldning frå oss

Styrke i det lokale

Vaagen trekkjer fram LGFKs lokale forankring som lagets største styrke.

– Ei sterk tilhøyrsle til laget og spelarane gjer oss gode samstundes med at det genererer interesse blant publikum.

Men at LGFK er ein sopass liten klubb gjer dei sårbare.

– Vi toler ikkje mange skader og karantenar.

Nye spelarar inn på laget

Like i forkant av sesongstarten har LGFK styrka stallen sin med to nye spelarar. For det fyrste er Aleksander Rekdal tilbake etter eit opphald i Hødd.

Den andre spelaren som kjem inn til denne sesongen er Torgeir Skeide.

Elles består laget også av ein del nye, friske pust og unge bein. Samtidig har laget også sterke veteranar som står klare til start.

Mål om å stå i 4.-div.

Vaagen ser ikkje for seg at LGFK vil kjempe i toppen, men ser ikkje vekk ifrå at midten på tabellen er urealistisk.

– Målet for oss er å stå i divisjonen og unngå langtidsskadar. Klarer vi dette blir det ein god sesong, avsluttar trenaren, som håpar på like god og trufast støtte frå publikum som tidlegare.