Festdag i Fosnavåg på laurdag

Sentrum i raudt, kvitt og blått

Festpynta butikkar og moteshow i gatene er noko av det du kan få med deg i Fosnavåg på laurdag.

Klare for fest: Vivian Håkonsholm i A. Sævik og Maria Sporstøl Leine i Marias Mote (bildet) lagar til utandørs moteshow saman med Style/Helen Sævik og Gudrun Remøy førstkomande laurdag.  Foto: Josefine Spiro

Vi set opp høgtalarar og legg ut raud løpar

Nyhende

– Det ser ut til at vêrgudane er med oss, smiler Maria Sporstøl Leine, leiar i Fosnavåg handelsforeining.

Difor har ho (Marias mote), A. Sævik, Style/Helen Sævik, og Gudrun Remøy gått saman om å lage utandørs moteshow for aller første gong.

– Vi set opp høgtalarar og legg ut raud løpar mellom A. Sævik og Gudrun Remøy. Tema er vår- og festmote, seier Vivian Håkonsholm i A. Sævik.

Ho siktar spesielt til kle som passar på typiske «vårfestar» som konfirmasjon og 17. mai.

Pyntar sentrum til fest

Men det er ikkje berre modellane som får pynta seg. Også butikkane får syne seg fram med prakt denne laurdagen.

– Sentrum vert pynta til fest – i raudt kvitt og blått. Det vert skikkeleg vårstemning, seier Maria.

– Etter moteshowet vert det gratis is og ballongar til barna ved fontena, og Bergsøy skulekorps skal marsjere i gatene, seier Vivian.

Noko å gomle på

Nokre av butikkane vil by på enkel servering, som kaffi og kaker.

– Og Wenche Helde Ulvestad skal selje lefser ved fontena. Der står også Gerd Aarebrot med sine heimelaga produkt, opplyser Vivian Håkonsholm.