Fylkesmannen og fylkeskommunen med felles konklusjon:

Samstemt nei til Kalsneset

Verken Fylkesmannen eller fylkeskommunen har særleg mange gode ord å seie om reguleringsplanen for hytter på Kalsnesstranda.

Kalsneset: Både Fylkesmannen og fylkeskommunen varslar at dei vil kome med motsegn til reguleringsplanen for Kalsneset, på nøre Kvamsøya.  Foto: Endre Vorren

Dette reknar vi ikkje for små hytter

Fylkesmannen
Nyhende

Begge instansane varslar nemleg at dei reiser motsegn mot planane om å etablere hytter på det frå før temmeleg uberørte neset på nordsida av Kvamsøya. Det kjem til uttrykk i ei sjeldant negativ tilbakemelding frå øvrigheita.

Fylkeskommunen merkar seg planomtalen der det blir slått fast at det er lite fritidsaktivitetar i området, mellom anna på grunn av få parkeringsplassar. Ein syner også til at etableringa av hytter ved stranda vil gje området betre tilkomst for rekreasjon, og gje området eit nødvendig lyft.

– Fullstendig privatisering

– Dette er vi ikkje samde i. Nedbygging vil føre til fullstendig privatisering av denne delen av strandsona. Føresegnene gir få avgrensingar for utbygginga, noko som ikkje sikrar fri tilgang og tilkomst for rekreasjon i strandsona, heiter det i vurderingane til saksbehandlar Mari Anne Bjørkmann i fylkeskommunen.

Derimot meiner ho det naturlege ville ha vore å sikre dette området med statlege midlar for å bevare det som eit friluftsområde.

Også når det gjeld planomtalen varslar fylkeskommunen at dei reiser motsegn. Mellom anna ynskjer ein at det blir gitt ei betre skildring av området i dag og forholdet til sjø, strand og omgjevnaden elles... Største delen av området er i kommuneplanen definert som LNFR, og fylkeskommunen reknar tiltaket som i strid med kommuneplanen.

– Dette er underslått i plan-omtalen, heiter det i motsegnsbrevet.

Ein er heller ikkje nøgd med at det ikkje er synt byggjegrense mot stranda, og ein del vert omtala som «ufullstendig».

Fylkesmannen

Også Fylkesmannen er udelt negativ til planane om etablering av hytter på det 8,2 mål store planområdet.

– Oppstartsvarselen var misvisande i høve til planframlegget som no er på offentleg høyring, skriv saksbehandlar Kari Bjørnøy.

Fylkesmannen meiner framlegget ikkje er lagt fram i tråd med dei føringane som tidlegare var lagde til grunn, og heller ikkje i tråd med føresetnadene som var stilte.

Seks store hytter som ligg inntil kvarandre og strekkjer seg heilt ned til stranda, vil etter Fylkesmannen sitt syn utgjere ein barriere mot stranda.

– Stranda blit fullstendig privatisert og eliminert som ein stad for ferdsel og rekreasjon for andre enn dei som har hytte på staden, skriv Fylkesmannen i sine merknader. Han meiner at viss det skal kome ei utbygging, må ein trekkje byggegrensa mot sjøen lenger opp på land.

Medan Fylkesmannen tidleg i løpet fekk inntrykk av at det var inStordal-hytter på maksimalt 60 kvadratmeter som skulle byggjast, så opnar føresegnene no for hytter på opp til 125 kvadratmeter, og med 7,5 meter mønehøgd.

– Dette reknar vi ikkje for små hytter. Det blir ikkje sett noko krav om at hyttene skal stå på pålar for å redusere naturinngrepet, heiter det i motsegnsskrivet.

Det kan sjå ut som om Fylkesmannen er noko mindre bastant imot utbygging enn fylkeskommunen:

– Om ein ynskjer å nytte planområdet til utbygging, må dette gjerast på ein langt meir skånsam måte som tek omsyn til strandsone, terreng og landskap, heiter det.