Knut Arne Høyvik

"Please mr. postman"

Posten Norge går inn for at vi skal få levert post berre tre dagar i veka frå 2020.

PLease mr. Postman: Beatles sin klassikar vart til i ei tid då eit brev, levert av postmannen, kunne innebere skilnaden på «himmel og helvete». 

Heile 95 prosent av det som hamnar i postkassa vår kan digitaliserast, skriv Posten.

Nyhende

Frå 2022 bør det reduserast til to dagar i veka, meiner Posten. Det går fram av Postens høyringssvar til Samferdselsdepartementet.

Postfunksjonærane skal ikkje gå med post lenger, dei skal gå med overskot. Det er vår skuld, det er vi som har svikta, og dei klagene som kjem inn til styresmaktene, kjem ironisk nok på e-post. Dei som trur at det statlege selskapet Posten Norge driv med almisser, bør tru om igjen, den tida er forbi.

«Please Mister Postman, look and see, is there a letter in your bag for me»? syng Beatles i ein slager frå 1960-talet. Det var ei tid då folk venta på kjærleiksbrev, det er det songen handlar om.

Kjærleiksbrev som ikkje kom, brev om ulukkeleg kjærleik, brev om noko trist, brev om noko kjekt, brev frå ein ven, eller brev der det stod meir mellom linjene, enn på linjene. Brev som kryssa dei sju hav og høge fjell, brev som postmenn- og postkvinner bar i postveska si gjennom snø og storm, for at vi skulle få brevet i postkassa.

Når vi dreiv fiske i Nord-Norge på 1980-talet, og lossa i land, låg der oftast to brev og venta på meg når vi kom i land, etter ti dagar på feltet. Brev frå henne, hennar flotte handskrift, fine ord om at ho brydde seg om meg, og venta på meg.

Eg las breva med andakt, og svara sjølvsagt med eit brev. Ei tekstmelding, ein e-post, eller ei kort melding på Facebook, hadde vore ein solid nedtur.

Det er lenge sidan folk slutta å sende kjærleiksbrev, eller brev til vener i inn- og utland. No trykkjer vi på ein tast, og når ut til heile verda på eit blunk. Lovnaden om evig truskap og kjærleik er blitt digitalisert, og alt skal etter kvart bli digitalt, lovar styresmaktene. Heile 95 prosent av det som hamnar i postkassa vår kan digitaliserast, skriv Posten i høyringssvaret sitt.

No kvepp eg dersom eg finn eit brev i postkassa, er det noko gale, er det lensmannen, er det inkasso? Rekningane kjem nemleg susande inn i nettbanken av seg sjølve, og legg seg fint til rette etter forfallsdato. Likningspapira kan hentast ned med ei kode, restskatten kjem svevande på ei sky, som ein usynleg tjuv om natta.

Eg trur ikkje eg er nostalgisk, eg ser meg vanlegvis ikkje tilbake. Men eg tykkjer det er litt trist at vi har slutta å skrive brev til kvarandre. Det er noko spesielt med eit handskrive brev, noko personleg og flott. Det er difor mange av oss har teke vare på breva vi fekk.

Når gamle folk døyr er det ikkje uvanleg at det blir funne brev, som fortel historier som ingen har kjent til. Breva kastar nytt lys over eit liv, eller ei tidsepoke. Brev som folk har samla i livet sitt, har vore viktige bidrag til historiegranskinga i alle verdas land.

Når dagens unge går ut av tida, finn etterkomarane ikkje eit einaste brev etter dei. Når borna byrjar å granske spora etter oldeforeldra sine på sosiale media, om 70-80 år, finn dei kanskje oppdateringar som; «Sit på stranda med ei kald ei» 47 likes.

Kanskje er det ingen spor, fordi nokon med makt finn ut at alt det gamle skal slettast. Det er teikn i tida som tyder på at ei slik løysing er mogleg.

Men nokre som ikkje skriv kjærleiksbrev er sterkt kritiske til kuttplanane i Posten, nemleg mediebransjen. I dag har Posten plikt til å levere aviser i såkalla ulønsame område i distrikts-Norge.

Posten leverer 150.000 aviser dagleg over heile landet. Regjeringa meiner at kostnadane til ei slik avisomdeling ikkje kan forsvarast, og at få er avhengige av tilgang til papiravisa, den dagen avisa kjem.

Eg veddar ein hundrings på at mange er usamde i ein slik påstand.

– Blir dette gjennomført, vil det ta livet av journalistikken. Lokalavisene er framleis heilt avhengige av inntektene frå papiravisa. Eit så kraftig kutt vil også svekke avisenes evne til digital omstilling og til å utføre samfunnsoppdraget, seier generalsekretær Rune Hetland i Landslaget for lokalaviser til Klassekampen.«Wait, wait, hey, hey, hey, Mister Postman...»

Ha ein digital fredag.