Stille i formannskapet då:

Kommunalsjefane la fram kuttforslaga

Det var forslaget om å legge ned Moltu skule og Myrvåg brannstasjon som skapte dei sterkaste reaksjonane i formannskapet tysdag.

STILLE: Det blei stille i formannskapet då kommunalsjefane i tur og orden presenterte lista over ting som må kuttast for å oppfylle kommunestyret sitt pålegg om å redusere kommunen sine permanente driftskostnader med ti millionar kroner. Her er kommunalsjef Jarl Martin Møller i elden og presenterer nedlegging av Myrvåg brannstasjon som det store innsparingspotensialet for sektor samfunn.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Her fekk politikarane det fyrste møtet med dei harde fakta som vedtaket om å kutte det kommunale driftsnivået med ti millionar kroner kan føre med seg.

Kuttlista, som blei presentert tysdag, er noko politikarane har gått og venta på heilt sidan administrasjonen blei tildelt det smertelege oppdraget i samband med budsjettet før jul.

Då lista kom, blei det stille rundt formannskapsbordet. Kjell Runde var den einaste som gav klart uttrykk for reaksjonane sine alt i denne fasen av den politiske sluttprosessen som no er innleia.

Blir opprør i indre

– Det blir i alle fall eit opprør i indre om brannstasjonen blir fjerna, lova Runde (Folkelista/SP), som også meinte det var ille om ein må til å legge ned skular for å få innsparinga i hamn.

Dei andre i formannskapet valde å lytte meir enn å kommentere i denne omgangen. Men dei vil nok kome sterkare tilbake når det blir tale om prioriteringar etter at fagkomiteane har fått seie sitt om avdelingane sine framlegg.

Sidan kommunalsjefane har fått i oppdrag å «overkutte» med to millionar kroner, vil det vere rom for politiske prioriteringar når øksa endeleg skal falle over dei kommunale driftsutgiftene.

Greidde enda meir

Kommunalsjefane Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth (stab) og Jarl Martin Møller (samfunn) hadde greidd å spare om lag 400.000 kroner meir enn pålegget om to millionar kroner kvar.

Medan Dammen-Hjelmeseth har henta mesteparten av sine to millionar kroner innafor lønsbudsjettet, har redusert brannordning gjort veg i vellinga for Møller. Nedlegging av Myrvåg brannstasjon bidreg åleine med rundt 800.000 kroner, og med andre endringar i tillegg gir brannvern samanlagt ei innsparing på 1,4 millionar kroner.

Møller understreka at det ikkje er noko krav å ha brannstasjon i Myrvåg, og med ein brannstasjon i kommunen vil Herøy ha tilsvarande opplegg som Ulstein og dei andre nabokommunane. Han viste også til at den brannordninga som kostar 800.000 kroner å oppretthalde i Myrvåg, eigentleg ikkje er anna enn ei femdelt sjåførvakt.

Omheimling

Også Renathe Kaldhol (pleie/omsorg) hadde greidd sitt krav på fire millionar kroner, og vel så det, gjennom diverse omorganiseringar og bruk av nye hjelpemiddel i omsorgsarbeidet. Hennar kuttforslag gir på den måten minimalt med stillingskutt.

Gradvis omlegging frå sjukeheim til bukollektiv er eit sentralt element i spareplanen for pleie- og omsorgssektoren. Heller ikkje ei slik omlegging vil medføre nedbemanning, men Kaldhol ville minne om at eldrerådet er svært skeptisk til såkalla omheimling som mellom anna Sula kommune har kome langt med. I Sula kommune, som er på storleik med Herøy, driv dei i dag med berre tjue sjukeheimsplassar.

Utfordrande

Sølvi Lillebø Remøy (skule) la ikkje skjul på at kommunestyret sitt vedtak om å satse på tidleg innsats i skule og barnehage hadde gitt henne nokre ekstra utfordringar. Dette hadde i praksis ført til at 90 prosent av kostnadene i hennar sektor var freda for kutt.

Dermed hadde ho vore nøydd til å sjå på skulestrukturen i tillegg til skuleskyss, symjeundervisning, kulturskuledrifta og alle andre plassar det kan vere pengar å hente.

Nedlegging av Moltu skule vil ifylgje kommunalsjefen gi ei innsparing på 1,8 millionar kroner. I den summen er også reinhaldet rekna med, men utgifter til skyss vil redusere innsparinga til 1,2 millionar kroner.

Vidare kunne ho vise til at med å legge ned bassenget i Stokksund, og samle all symjeundervisning ved Sunnmørsbadet, vil det vere ei netto innsparing på knapt ein million kroner. I realiteten vil ei slik omlegging bety færre symjetimar pr. elev.

Ombygginga av Skarabakken vil redusere behovet for skuleskyss. Med nokre andre trafikksikringstiltak i tillegg meinte Lillebø Remøy det kan vere 800.000 kroner å spare på skyssutgiftene.

Men fleire kuttiltak må gjerast om skuleavdelinga skal kome i mål med sine fire millionar. Dermed må også kultur-skulen ta sitt, og Lillebø Remøy kunne vise til at Herøy sitt desentraliserte kulturskuletilbod gjer drifta av kulturskulen i Herøy dyrare enn i nabokommunane. Om ein skal ha SFO-tilbod ute i bygdene er også eit spørsmål som no må takast opp.

Barnehagen har derimot ikkje noko å gi i sparesamanheng, og Lillebø Remøy slo fast at viss kravet til fire millionar kroner blir oppretthalde, så må ein også til å sjå på stillingane i skulen.

Kamp om skule

Det vil ikkje overraske nokon om nedlegging av Moltu skule vil vise seg å bli det den store kampen kjem til å stå om når kuttforslaga skal salderast. Det skuldast ikkje minststor uvisse rundt elevtalsutviklinga i bygda, og dermed også den bygningsmessige kapasiteten ved Stokksund skule på sikt..

– Stokksund har kapasitet til å ta dagens Moltu-elevar med det vi veit om barnetalet eit par år fram i tid. På sikt er tala derimot svært usikre, slo Lillebø Remøy fast, og sikta mellom anna til dei mange arbeidsinnvandrarane som slår seg ned i Moltubygda og får barnealet til å auke.

Satsinga på nye bustadfelt både på Moltu og i Stokksund er eit anna forhold som kan påverke framtidig elevtal ved dei to skulane.

Ifylgje kommunalsjefen kan eit modulbygg vere løysinga om den noverande bygningsmassen i Stokksund skulle vise seg å bli for liten.

– Eg kan skaffe pris på eit modulbygg i Stokksund. Men om vi får bruk for det, kan eg ikkje svare på, slo Lillebø Remøy fast.