Damelaget, som består av spelarar frå Bergsøy, Gurskøy og Tjørvåg, er melde på til serie i 4. divisjon.

– Vi ønskjer å spele 11-ar-fotball, men på eit lågterskel-nivå, seier sportsleg leiar i Bergsøy Fotball, Tony Sandanger.

Det vil seie at damene godt kan spele Niar-fotball dei gongane dei til dømes møter lag som slit med å stille 11-ar-lag.

J16 inn i damelaget

I februar vart damelaga og J16-laga i Bergsøy, Gurskøy og Tjørvåg slegne saman til to felleslag – eit for jentene og eit for damene. For om lag ein månad sidan gjekk elles dei to saman og danna eitt større seniorlag med 18 spelarar, der dei yngste er 16 år gamle, og dei eldste er i 30-åra.

Synne Ryan er hovudtrenar

Omtrent på same tid vart Synne Solheim Ryan tilsett som hovudtrenar for laget. Ho er frå Fosnavåg og starta sjølv på Bergsøy for mange år sidan. Seinare gjekk ho over til Hødd, før ho flytta til Bergen der ho spela på Sandviken, to år i Toppserien, og ei tid i 2. divisjon.

No som Ryan har flytta heim til Fosnavåg, passa det godt å ta på seg trenarvervet, synest ho.

– Eg har hatt pause frå fotballen nokre år. Damelaget er ein kjekk gjeng å ha med å gjere. Mange av spelarane er unge og lovande, og dei er i god form. Eg håper det går bra no når sesongen startar og dei får prøvd seg mot litt eldre motstand. For mange er det eit steg å gå frå jente- til damefotballen, men eg er ikkje uroleg for at dei skal greie nivået, seier ho.

– Viktigare enn resultat

Ryan har enno ikkje snakka med spelarane om konkrete mål for sesongen, men ho trur ho veit kva for ambisjonar dei har.

– Eg trur jentene har lyst til å vinne flest moglege kampar. Men fokuset denne sesongen er først og fremst å få samstemt laget, slik at vi får gode prestasjonar. Det tel like mykje som gode resultat, seier Ryan, og understrekar:

– Å tape ein kamp der du har gitt 100 prosent gir ei betre kjensle enn å vinne ein kamp der du ikkje har gitt alt.

Synne Solheim Ryan

– Godt oppmøte

Tony Sandanger seier han er godt nøgd med Ryan og damene sin innsats så langt.

– Vi har hatt godt oppmøte på treningane, og jentene har trena godt. Dei spela ein treningskamp mot Ørsta for ei stund sidan. Eg trur resultatet vart 3–1 til Ørsta, men det var ein jamn kamp som bikka begge vegar. Vi skapte mange sjansar, og eg trur både jentene og Synne var veldig fornøgde, seier han.

Fokus på trivsel

– Vi har stort fokus på å bygge opp det sosiale samhaldet i damelaget. Det gir treningslyst, og det er difor vi har tilsett Synne. Hittil har ho gjort sakene sine bra, og ho motiverer dei unge, seier Sandanger.

Han håper tilsettinga vil gjere klubben attraktiv for fleire jenter og damer på det nivået, som ønskjer å spele fotball.

– Vi vi gjerne ha fleire jenter i klubben, uansett kvar dei kjem frå, seier Sandanger.

Han understrekar at ambisjonane for laget ikkje handlar om å kome seg mest mogleg opp i divisjon.

– Målet er å ha det artig. Men dei som verkeleg vil, skal få trene meir, seier han.