Massevis av fråsegner komne til rådhuset:

Høyringsinnspurt i Sande

Ikkje så reint få sider med høyringsfråsegner til skulesaka har i løpet av dei siste vekene landa på rådmannen sitt bord. No er det snart tid for politisk behandling.

Skaper engasjement: Det ligg i dag store bunkar med høyringsfråsegner på rådhuset, - til skulesaka. Mest engasjement skaper det naturleg nok i bygder som kan misse tilbodet.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Vi har sett på dei seinaste fråsegnene kommunen har fått i saka.

Gursken oppvekstsenter

Dei tilsette ved Gursken oppvekstsenter skriv at dei er opptekne av at elevane skal ha eit fagleg, pedagogisk og sosialt miljø i høve til planverk og lover.

Dei tilsette meiner IT-basert undervising «ikkje er godt nok». Dei strekar under at det er nødvendig med ein tydeleg lærar i klasseromet. Dei omtalar det som «uforståeleg at nokre politikarar meiner at lærarar og andre vaksne i skulen kan bytast ut med datamaskiner».

Utdanningsforbundet

Utdanningsforbundet er inne på det same. Dei meiner bruk av fjernundervising der målet er å drive undervising slik at lærarar vert erstatta av ikkje faglærte, er lovstridig.

Når det gjeld val av modell, meiner Utdanningsforbundet politikarane sjølve må velje mellom modell B og C. Det er modellar der to eller tre skular vert nedlagde.

SU Gursken

Samarbeidsutvalet ved Gursken skule sitt store ankepunkt er at skulane må ha gode og føreseielege økonomiske rammer. Dei er uroa over kutta som har vore gjorde dei siste åra, og hevdar at Gursken oppvekstsenter over fleire år har teke den største økonomiske byrden i Sande-skulen.

Utvalet vil likevel ikkje peike ut noko bestemt alternativ som er best for framtida. Men ein har forventingar om at kommunestyret først og fremst har fokus på borna sitt beste.

Ein ber kommunen om å organisere oppvekstsektoren slik at kommunen kan tilby ein skule der alle born har likeverdige, gode og trygge læringsmiljø med høg lærartettleik.

SU Larsnes

Samarbeidsutvalet på Larsnes meiner modell B og C medfører utfordringar knytt til transport og kor mange tilsette kommunen treng.

– Likevel må ein ta inn over seg at kommunen har økonomiske forpliktingar for å kunne vere levedyktig, og skulane på Kvamsøya, Sandsøya og i Gjerdsvika er veldig dyre å drifte per elev, skriv SU på Larsnes.

Utvalet meiner modell B er den beste. Den inneber nedlegging av Gjerdsvika skule samt èin av skulane i ytre.

Kvamsøy IL

Vidare har idrettslaga på Kvamsøya og i Gjerdsvika kome med innspel. Kvamsøy IL fryktar engasjementet i bygda vil forsvinne heilt om skulestrukturen vert endra.

KIL meiner borna kan bli utsett for «altfor mykje pendling» om ein skal pendle både til skule og i tillegg til eventuelle idretts.- og fritidsaktivitetar.

Gjerdsvika IL

Gjerdsvika IL minner om det store arbeidet som er utført ute og inne for å leggje til rette for eit godt idretts- og trimtilbod. Dei fryktar at viss skulen vert lagt ned, så vil det i neste omgang gå utover rekrutteringa til idrettslaget.

Dei trur samstundes også at butikken vil merke det om skulen forsvinn, og spør kva som vil skje med skulebygningane med den tilhøyrande gymsalen.

– Vi kan ikkje sjå kva positive verknader ei nedlegging av skular vil ha for Sande kommune i det lange løp. Utkantbygdene vil få eit dårlegare tilbod. Dette vil føre til redusert tilflytting og større fråflytting frå bygdene, og dermed kommunen, heiter det i innspelet.