Møre og Romsdal fylkeskommune meiner omregulering for kontor på Vågsholmen ikkje kan gå som ei mindre endring om kontordelen blir for stor.

-Vi meiner det er naudsynt å sette rammer for omfanget av kontor som skal vere tillate innafor området.

Det skriv plansamordna Johnny Loen i ei fråsegn til den melde reguleringsendringa på Vågsholmen. Der har formannskapet gått inn for at omregulering til eit kombinasjonsbygg for kontor og leilegheiter kan gå som ei mindre reguleringsendring. Planane går ut på å føre opp eit bygg i fire etasjar der toppetasjen er leilegheiter og resten kontor.

Loen meiner ein kontordel på meir enn tretti prosent vanskeleg kan sjåast på som ei mindre endring.