SSR har i det siste opplevd uheldige og farlige episodar som gjer at selskapet må gjere noko med «svartesekken». Hendingar som kunne medført alvorlege personskader og store materielle skader der fyrverkeri har teke fyr, er den viktigaste grunnen til at SSR ønskjer «svartesekken» vekk. Vi ser også at avfall levert i svarte/utransparente sekkar, er dårleg sortert og ofte ei blanding av matavfall, elektrisk avfall, farleg avfall og anna.

Frå måndag blir det difor innført nye retningslinjer. Vi oppmodar kundane om å sortere avfall så godt som mogleg og nytte transparente sekkar ved levering av avfall på miljøstasjonen. Om ein kjem med avfall i svarte eller andre ikkje-transparente sekkar kan ein sjølv sprette sekken og tøme den i container utan ekstra kostnad. Om kunden ikkje ønskjer å sprette sekken sjølv, vil det tilkome ein kostnad per sekk som blir kasta.

Mange forhandlarar sel transparente sekkar så vel som svarte og vi har også eigna sekkar til sals hos oss. Vi beklagar ulempa dette måtte medføre, men ser dette som eit naudsynt tiltak for sikkerheit og miljø. Liknande retningslinjer er også innført i fleire andre regionar i landet

Pressemelding