AaFK2-Bergsøy

Bergsøy med tap i fyrste seriekamp

Det stod 0-0 til pause, men i andre omgang fekk AaFK 2 eitt mål som sikra dei sigeren.

Pijus (i midten) fekk sin seriedebut for Bergsøy på midten saman med kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik.  Foto: Thomas Teige Sporsheim

Nyhende

Fredag starta serien med bortekamp for Bergsøy. Til pause klarte dei å halde toppfavoritten AaFK 2 unna leiinga, men i andre omgang klarte AaFK å sette matchmålet. Petter Aasen redda fyrste skotet, men AaFK 2 fekk ballen i retur og sette den i mål midtvegs i andre omgang.

- Det var eit svært sterkt AaFK 2 vi møtte. Vi hadde litt lite å stille opp med, gutta var ikkje heilt på. Så klart er vi skuffa. Eg trur få hadde klart å stå imot AaFK 2 i dag. Men det er ingen katastrofe vi skal slå attennde. Eg vil nytte høve til å skryte av keeperen Petter Aasen som stod som ein vegg.

Dette seier trenar Toni Sandanger etter den spanande kampen.

PS: Fredrik Muren pådrog seg sitt andre gule kort for dagen og vart utvist mot slutten av oppgjeret mot AaFK sine nest beste. Han må difor stå over i første seriekamp. Utvisinga får derimot ingen fylgjer for Muren si deltaking i cupen heime mot AaFK komande onsdag.