Planen er utarbeidt av Per Mulvik As, på vegner av Tomteservice, som har kjøpt ein gardsparsell med tanke på konsentrert utbygging av småhus.

I ugangspunktet var det to grunneigarar som gjekk saman om å få regulert det aktuelle området aust for Bergslibakken. Berre den eine av dei ønskjer ei snarleg utbygging, og det er denne delen Tomteservice har kjøpt og fått detaljregulert med ein kombinasjon av fire- og seksmannsbustader.

Alle bustadane, med unntak av ein, får direkte tilgang til leikeplass utan å måtte krysse trafikert veg. Leikeområdet på 800 kvadratmeter vil kunne nåast av samtlege bueiningar innafor ein avstand på under femti meter.

Formannskapet stiller rekkefylgjekrav om at leikeplassen må opparbeidast og ferdigstillast før det blir gitt mellombels bruksløyve og ferdigattest for bustadane i området.

I den delen av reguleringsplanen som no er detaljregulert er det lagt til rette for til saman 22 bueiningar.