Slik kommenterer styreleiar i Remøy havfiske, Olav Remøy, forliket som er inngått mellom reiarlaget og staten etter at reketrålaren Remøy blei teken i russisk arrest for knapt eit år sidan.

Årsaka til arrestasjonen var ein feil som Fiskeridirektoratet hadde gjort i samband med utfylling av søknad om lisens for båten i russisk sone. I staden for reke, som båten fiska på, hadde direktoratet kryssa av for torsk.

11,2 mill. kroner

Gjennom forliket som no er inngått, dekkjer staten utgiftene til bøtene for reiarlag og skipper, men berre delar av sakskostnadene som reiarlaget fekk i samband med arresten. Avtalen har ei ramme på 11,2 millionar kroner.

– Etter ei heilheitsvurdering har vi kome til at dette er ein avtale vi kan greie å leve med, sjølv om vi på langt nær har fått kompensert tapa våre i samband med denne saka, seier Olav Remøy.

Det var 10. mai i fjor at Remøy blei teken i arrest av den russiske kystvakta på veg ut av russisk sone. Under fisket hadde båten rapportert dei daglege fangstane, slik reglane krev, og feilen i søknadsskjemaet vart fyrst oppdaga etter at turen var avslutta.

Etter tre veker i arrest fekk Remøy forlate Murmansk. Då hadde norske styresmakter stilt garanti for at ei eventuell straffeforfylging ville bli gjort opp.

Saka var oppe i russisk rett fem gonger, og enda med at Remøy havfiske fekk ei bot på 5,4 millionar kroner. I tillegg fekk skipperen ei bot på 2,7 millionar kroner.

Store tap

I tillegg til bøtene fekk reiarlaget store utgifter til sakskostnader og advokatutgifter. Tre veker i arrest førte også til betydeleg tapte fangstinntekter.

– Vi er glade for at vi endeleg kan legge denne saka bak oss. Det samla tapet for reiarlag og mannskap er stort, men dette var så langt det var mogleg å kome, seier Olav Remøy.

TIL Å LEVE MED: 11,2 mill. kroner dekkjer ikkje alle tapa som Remøy havfiske fekk i samband med arrestasjonen i mai i fjor. Men forliket var ifylgje Olav og Kristin Remøy det beste dei kunne oppnå. Foto: Jann Flatval