– Vi treng ein keeper

Fotball-damene i Larsnes skal spele i sjuarserien. Men dei treng ein keeper.

Oppvarming: Nokre av spelarane på damelaget til Larsnes IL Fotball under ein av årets første treningar. Arkivfoto  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Damelaget til Larsnes IL Fotball er ei gruppe på 10–12 spelarar og er melde på til sesongens sjuarserie. Men dei er enno ikkje heilt klare for kampar.

– Vi kunne tenkje oss ein keeper, så viss nokon vil prøve seg, er vi takksame for det, seier trenar Helge Egil Tødenes.

Damelaget har ikkje høge sportslege ambisjonar, men likar godt å spele fotball.

– Vi har fokus på det sosiale og at der skal vere eit aktivitetstilbod i bygda. Ambisjonen er å skape gode opplevingar og halde oppe den gode stemninga, seier Tødenes.

Der er ikkje store endringar i laget sidan førre sesong, men nokre har flytta ut for å studere, medan ei ny (ein tilflyttar) har kome til.