Ser for seg ein god sesong for Bergsøy.

– På ein god dag er vi best i 4.-divisjon

Toni Sandanger ser for seg ein god sesong for Bergsøy.
  • Keeperar
  • Petter Aasen
  • Ståle Pettersen (På utlån til LGFK)
  • Jakob Nerland Ruben B. Storøy
  • Forsvar
  • Craig Rogers Frank Sverre Skorpen
  • Trym Rekkedal Dani R. Hansen
  • Benjamin Leine Ben Buntu
  • Fredrik Muren Espen Driveklepp
  • Midtbane
  • Daniel Kvalsvik Andrius Petreikis
  • Stian Zahl Pijus Marcinkevicius
  • Eirik Heltne Sami Zemichael
  • Angrep
  • Franjo Tepuric Martin Søvik Røren
  • Marius Sporstøl Thomas S. Hauge
  • Peter Baade Håvard Hundnes
  • Hospitantar/Junior
  • Tobias Tjervåg Joakim Gjerde
  • Bjørnar Sævik
Nyhende

Så langt i år er Bergsøy uovervunne. Det er noko å ha i bakhovudet når sesongen brakar laus med toppkamp, der Bergsøy møter Aalesund 2 på bortebane.

– Karane ser bra ut. Vi håpar og trur at vi er der vi skal vere. Berre det at vi har kvalifisert oss til NM er ein manifestasjon på at vi gjer mykje riktig, fortel Sandanger i forkant av sesongstart.

Godt trent

Bergsøy har hatt ei målesetting om å vere det best trente laget i fjerde divisjon og mange spelarar viser no at eit treningsregime på fem økter i veka har betalt seg.

– Eg er ikkje redd for å stille krav til karane. Dette gjer at det blir konkurranse om lagplassane og på trening. Det tener vi på.

Nøgd med stallen

Årets A-lagstropp for Bergsøy kan du sjå under. Bergsøy-trenaren ser også for seg at stallen kan kome til å bli styrka ytterlegare utover sesongen.

– Vi har eit utruleg godt lag med veldig mange gode spelarar som kjem til å markere seg i løpet av sesongen.


Sterke offensive

Styrken til Bergsøy meiner Sandanger er deira offensive spel.

– Vi held eit høgt offensivt kaliber. Samtidig er vi, som sagt, godt trent. På ein god dag er vi best i fjerde divisjon, slår Sandanger fast.

Ei eventuell utfordring er å halde seg stabile heile sesongen.

Sjølv om AaFK2 er ein klar førehandsfavoritt i årets sesong, seier Sandanger at Bergsøy ikkje kjem til legge seg flate før dei blir slått.

– Målet for laget er å utvikle spelarar og halde sin posisjon blant topplaga. Vi skal markere oss godt, seier Toni. Han håpar publikum vil fortsette med det han omtalar som fantastisk støtte i den komande sesongen.