Gjennom ein mannsalder har Odd Arne «Odden» Seljeseth vore aktiv i og følgt med på lokalfotballen på søre. No gler han seg til ein ny sesong.

– Personleg er eg ikkje så aktiv som før, men eg hjelper litt til sjuarlaget på Flø også i år. Her er fotballen viktig, ikkje berre sosialt, men også integreringsmessig, seier Odden til Vestlandsnytt.

– Viktig å vise støtte

Gjennom fleire tiår har han følgt lokalfotballen tett. Når seriestarten no står for døra, kjem han med ei oppmoding:

– Det er viktig at publikum kjenner si gjestingstid og støttar laga. Då snakkar eg om aldersbestemt fotball like mykje som seniorlaga i regionen. Det er viktig for laga og spelarane, viktig for bygdene, seier han.

Dei siste par tiåra har det blitt stor avskaling i fotballen. Berre i Sande og Herøy åleine var det for ein del år sidan 10–12 seniorlag i sving.

Odden meiner det er trasig med ei slik utvikling, men meiner samstundes at det vert lagt ned mykje godt arbeid rundt omkring i laga, for fotballspelarar i alle aldersgrupper.

Roser damesatsing

Litt om damefotballen først. Her har det ikkje berre vore negativ utvikling. Nyleg har vi sett at det vert gjort eit forsøk på eit skikkeleg kvinneløft i Herøy, der idrettslaga har gått saman.

– Det er bra at det vert teke tak i dette. Eigentleg burde ein ha fått opp eit damelag både i ytre og indre Herøy, og eitt felles både i Sande og Vanylven, seier Odden. Han registrerer med interesse at Bergsøy no har eit niarlag, som ein forhåpentlegvis kan ta eit steg vidare til eit 11-arlag som vil utvikle seg endå meir.

Elles har også Larsnes eit sjuarlag for damer i serien i år, og Odden meiner det har vore drive mykje bra arbeid innan jente- og damefotballen på Larsnes over mange år.

– Hareid og Hødd driv bra innan damefotballen, så det må vere eit mål at klubbane også i Herøy og Sande, gjerne også Vanylven, fylgjer opp, seier den gamle Hødd-spelaren.

Seniorfotballen 6.- og 4.-div.

Innan seniorfotballen for menn er det i 6.- og 4.-divisjon vi finn dei lokale representantane i år.

Dei fleste tipsa i lågaste divisjon går ut på at ÅVK, eller Vanylven FK som er det nye namnet, vil dominere der.

– Det trur eg også. Eg har eit barnebarn som spelar på Vanylven FK, og har sett dei i to kampar. Men dei skal ikkje vere for trygge. Hødd 3 kjem til å vere bra denne sesongen, og eg trur også at Hasundgot, Bergsøy og glimtvis også Gjerdsvik/LGFK 2 vil bite godt ifrå seg, seier Odden.

Han meiner det er synd at Moltu ikkje er med i 6.-divisjon i år, og synest samstundes at det er litt dumt at Tjørvåg ikkje får meir dreis på sakene. Eg håpar Tjørvåg vil samle seg etter kvart i sesongen, dei har jo eit kjempeanlegg, seier han.

Når det gjeld 4.-divisjon er Odden rimeleg trygg på at Bergsøy vil kjempe i toppen.

– Det vert likevel hardt å straffe AaFK 2. Håpet for lokale lag i 4.-divisjon kan vere at AaFK 2 stundom ikkje stiller eit veldig slagkraftig lag. Men eg likar utviklinga i Bergsøy no, der dei har gått litt meir vekk ifrå modellen med mange «leigesoldatar» og heller satsar på lokale spelarar.

Odden seier han kjenner Bergsøy-trenar Toni Sandanger som ein svært arbeidsvillig og ambisiøs kar.

– Han er entusiastisk til tusen, og det er viktig. Eg registrerer med interesse dei resultata Bergsøy har hatt så langt i år, og trur dei har eit veldig bra lag på gang.

Spår øvre halvdel for LGFK

Som tidlegare Gursken-lærar har Odden også god kjennskap til Larsnes/Gursken og det Anders Vaagen & co. står for.

– Eg registrerer at LGFK har hatt stor utskifting, men eg trur dei kjem på øvre halvdel i år. Ikkje minst takka vere den fine miksen av unge og rutinerte spelarar. Viktig for laget er det også at Andreas Rekdal er tilbake, seier ulsteinvikaren som kjenner namnet på dei fleste fotballspelarar på søre luten.

Odden meiner også at Kenneth Moldskred og «nye Hareid» vil gjere det bra, i alle fall etter kvart.

– Kva trur du om Hødd i år, Odden?

– Eg trur faktisk Hødd vil rykke opp, i tett kamp med Arendal og kanskje også Bryne. Hødd har eit veldig godt, om enn litt ungt, lag. I fjor var det slik at «alle ville slå Hødd». Slik er det ikkje i år, seier mannen som har sesongkort på Høddvoll.

Avslutningsvis ynskjer vårt utvalde intervjuobjekt alle fotballfolk til lukke med sesongen, på eller utanfor bana. Hugs fair play og kos dokke med fotballsesongen 2018!