N. H. Lied i Fosnavåg kåra til:

«Årets Mix»

Under kåringa av årets Rikstoto-kommisjonærar var N. H. Lied i Fosnavåg mellom vinnarane.
Nyhende

Som Rikstoto-kommisjonær er N. H. Lied i Fosnavåg ikkje mellom dei største i landet. Likevel gjekk Fosnavåg-butikken til topps i si klasse då årets kommisjonærar blei kåra denne veka.

-– Det er ekstra kjekt å vinne når ikkje du ventar det, seier dagleg leiar Frank Lied som stolt viser fram plaketten han fekk under kåringa i Oslo.

Kåringa fann stad tysdag kveld under ei stemningsfylt samling på Støtvig hotell i Larkollen. I løpe av kvelden blei det kåra vinnarar i ni ulike kategoriar av Årets kommisjonær.

«Årets Mix»

Lied seier at for han kom sjølv det å bli nominert som ei stor overrasking. N. H. Lied var ein av fire nominerte i klassa for Mix-butikkar, og konkurrerte dermed mot dei andre Mix-butikkane i landet som er kommisjonærar for Rikstoto.

Ikkje berre omsetning

Lied understrekar at han aldri hadde nådd opp i ei slik kåring viss omsetning var det einaste kriteriet som låg til grunn. Denne kåringa går imidlertid like mykje på kunnskap og miljø, og ikkje minst om service og kundebehandling.

– Om ikkje du gir service kan folk like gjerne site heime i godstolen og spele, seier han.

Som Rikstoto-kommisjonær har N. H. Lied vore med heilt sidan starten. Frank fortel at dei har lagt stor vekt på å ligge frampå både når det gjeld systemutvikling og med omstilling og sikkerheit.

Omsetningstala må sjåast i samanheng med at hestemiljøet ikkje er like utbreidd i Fosnavåg som mange andre plassar i landet. Likevel har det gått framover, og sakte men sikkert har N. H. Lied stige i Rikstoto-divisjonane. Dei har heller ikkje merka den nedgangen som mange andre kommisjonærar har hatt dei siste åra.

Sakte oppover

Medan Rikstoto-omsetninga deira i starten låg på om lag 25 prosent av Norsk Tipping, er omsetninga i dag likt fordelt mellom dei to. Tal som viser storleiken på omsetninga, ønskjer Lied ikkje å gå ut med.

– Dette var utruleg kjekt, og ikkje minst gledeleg å sjå at noko ein har jobba bevisst med heilt sidan 90-talet gir resultat. For oss har Rikstoto-omsetninga gått sakte men sikkert oppover, seier den glade kommisjonæren i Fosnavåg.