Formannskapet vil sjekke lovverket:

Vil gjerne kjøpe lokalt

Herøypolitikarane vil gjerne handle skulebøker hos den lokale bokhandlaren i Fosnavåg, om det finst rom for det i lovverket.
Nyhende

«Formannskapet ber administrasjonen innhente juridisk vurdering av kva handlingsrom kommunen har i forhold til å legge til rette for at lokalt næringsliv i større grad kan konkurrere om kommunale innkjøp med bakgrunn i det nye off.anskaffelsesregelverket som trådte i kraft 1. januar 2017».

Dette blei resultatet av formannskapet si behandling av «innkjøpssaka» som gjekk for stengde dører tysdag.

Som omtala i Vestlandsnytt same dag, vil Vestvang Bokhandel tape 600.000 kroner i årleg lærebokomsetning om Herøy kommune legg alt inn i innkjøpssamarbeidet som Ålesund kommune skal administrere.

Salet av lærebøker utgjer om lag 20 prosent av bokomsetninga for bokhandelen i Fosnavåg.

– Denne saka dreiar seg om kva handlingsrom ein kommune har for å handle lokalt, seier rådmann Olaus Jon Kopperstad i ein kommentar til kva som blei drøfta i formannskapet tysdag.

Forplikta ved lov

Kopperstad viser til at lova om offentlege innkjøp set begrensingar for korleis ein kommune handlar. På innkjøp over eit visst beløp er kommunen forplikta til å hente inn offentlege tilbod, og for å oppnå stort volum og lågast muleg prisar, har kommunane i Møre og Romsdal valt å gå ut i samla flokk.

– Vi ser at i ein slik konkurranse har lokale leverandørar vanskeleg for å nå opp, seier han.

For fire år sidan gjorde Herøy kommune ein vri slik at ein fekk trekt ut lærebøker frå det innkjøpssamarbeidet som då eksisterte.

– Vi balanserte kanskje litt på lovverket den gongen, men for oss er det viktig å støtte det lokale næringslivet med det vi kan, seier rådmannen.

Spørsmålet som kommunen no ber om ei juridisk avklaring på, er kva som må til for å ta lærebøkene, og eventuelt anna, ut av det store innkjøpssamarbeidet i Møre og Romsdal. Sidan Ålesund er klar til å gå ut med tilbodsforespørsel, er dette ei sak som hastar.

– Risikoen for at det kan bli dyrare for kommunen er alltid til stades med å gå utanom eit større samarbeid. Men alle er samde om at det vil vere eit stort tap om Fosnavåg skulle misse bokhandelen, seier Kopperstad.