Lokalt samarbeid mellom bemanningsbyrå og Coach

PRESSEMELDING

Skal samarbeide: Adm. dir. Henning Karlsen i bemanningsbyrået Verto og Winnie Støylen i Mewinn Coaching.  Foto: Pressebilde

Nyhende

– Mange av jobbsøkarane som registrerer seg hos Verto treng rettleiing i jobbsøkarprosessen. Ofte er det små grep som skal til for å bli meir attraktiv på jobbmarknaden, og vi tilbyr jobbsøkarkurs til grupper og rettleiing til enkeltpersonar, seier Henning Karlsen, adm. dir. i Verto.

Bemanningsbyrået Verto har hovudkontor i Fosnavåg. Karlsen fortel at mange jobbsøkarar som tek kontakt med Verto synest det er vanskeleg å leite etter jobb.

– Mange veit rett og slett ikkje kva dei vil og er usikre på seg sjølve. Når ein kandidat har registrert sin CV og vi har ein samtale for å finne ut korleis vi kan hjelpe, spør vi alltid om kva for ønske dei har for ein framtidig jobb. Overraskande mange seier dei ikkje veit kva dei vil. Samarbeidet med ein sertifisert coach vil vere veldig gunstig i slike situasjonar. Mewinn Coaching kan tilby rettleiing på ein heilt annan måte enn vi gjer i dag, og vi er veldig fornøgde med å få Winnie Støylen med på laget, seier Karlsen.

Winnie Støylen er utdanna Life-& Business Coach, og driv Mewinn Coaching i Ulsteinvik.

– Eg hjelper personar til å bli klar over kva som er viktig for dei, sette eigne mål, og eg bidreg som ei støtte på vegen til å nå desse. Stort forventningspress både frå samfunn, familie, venner og ikkje minst seg sjølv, kan føre til at ein misser trua på eige potensiale – også i jobbsamanheng. Som coach lærer eg deg korleis du blir bevisst på, og tek i bruk dine evner og talent, og til å bli trygg på deg sjølv. Eg set stor pris på å få bruke min kompetanse i samarbeid med Verto, seier Winnie Støylen i Mewinn.