Bygger ut for Marine Harvest

– Denne avtalen gir tryggheit for at dei har til hensikt å vere her.

bygger ut: Herøy kommune skal bygge ut vidare næringsområdet på Eggesbønes og få tilbakebetalt kostnadene over 15 år. 

Nyhende

Det sa Svein Gjelseth då formannskapet fekk framlagt ein intensjonsavtale mellom Herøy kommune og Marine Harvest.

Gjennom denne avtalen påtek Herøy kommune seg å gjennomføre og finansiere vidare utbygging av industriområdet på Eggesbønes. Området skal så overleverast Marine Harvest i ferdig stand.

Gjennom ei årleg festeavgift skal Marine Harvest betale tilbake kommunen sine kostnader over 15 år. Avgifta skal ta høgde for alle kostnader som kommunen har hatt med tilrettelegginga.

Gjennom økonomiplanen har kommunen lagt til rette for utbygging av området i 2019 og 2020.