Alkoholsalet aukar i Sande

Sandssokningane var langt meir «tørste» i fjor enn dei føregåande åra.

Øl: Det hovudsakleg øl som vert omsett av alkoholhaldig drikke ved dei seks daglegvarebutikkane i Sande.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Det syner ein fersk statistikk som er utarbeidd av Sande komune. Joker Gursken Mat toppar alkoholstatistikken i Sande med 39.550 liter selt øl i 2017. Det er ein stor auke.

Nummer to på lista er Joker Mat Larsnes, som selde 23.386 liter i fjor, også det ein auke. Ved Coop-butikken på Sandsøya gjekk alkoholsalet litt ned i fjor, til 18.767 liter. Coop Larsnes selde 16.220 liter alkoholhaldig drikke, medan Copp Gjerdsvika omsette 6.729 liter, og butikken på Kvamsøya 6.439 liter.

Samla vart det selt 111.111 liter alkohol ved butikkane i Sande. Tala for åra før var 93.641 (2016), 88.049 (2015), 97.022 (2014) og 75.213 liter (2013).