Pris til Maria Parr

Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017 frå Noregs Mållag.

Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris for boka «Keeperen og havet»  Foto: Arkiv

Nyhende

Parr får prisen for boka «Keeperen og havet» gjeve ut på Samlaget. Prisen er på 30 000 kroner og har blitt gjeve ut sidan 1968.

- Med sine truverdige karakterar leverer årets prisvinnar eit solid stykke litteratur som kan stå seg i lang tid framover, skriv juryen i grunngjevinga. Maria Parr får prisen på Barnelitteraturfest på Samlaget i Oslo fredag 13. april, same dag som landsmøtet i Noregs Mållag opnar i Vinje. Dette er tredje gong Maria Parr gjev ut bok, og det er tredje gong ho får Nynorsk barnelitteraturpris.

Juryen har vore Marthe Frette, Gudrun Kløve Juuhl og Kristine Thorkildsen.

Grunngjeving frå juryen til Nynorsk barnelitteraturpris 2017:

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2017 har skrive ei bok som tek oss med tilbake til kjende trakter og lèt oss møte att gode vener. 12 år etter den fyrste boka kjem altså bok nummer to. I eit usedvanleg godt språk og med ei handling som får oss til å kjenne saltsmaken på tunga, sjarmerer ho oss i senk. Boka har allereie hausta både lovord og prisar frå fleire hald. Med sine truverdige karakterar leverer årets prisvinnar eit solid stykke litteratur som kan stå seg i lang til framover.

Det friske og kreative språket krydrar historia, og du må heile tida ha fokus fordi du veit aldri kva tid neste språkperle kjem. Den frekke, sjølvsikre og sårbare Lena kan gjerne vere eit godt førebilete for jenter som veks opp i dag. Handlinga går føre seg i ei lita bygd der alle kjenner kvarandre på godt og vondt. Generasjonane har tettare band enn mange er vant med i dag, likevel kan både born og vaksne lesarar kjenne seg att i dei ulike situasjonane og følelsane som dukkar opp i handlinga. Personane er truverdige og har nærleik til naturen og utforskar kreftene som finst der.

Åshild Irgens sin illustrasjon på forsida gjev oss allereie eit frampeik på kva Maria Parr vil fortelje denne gongen frå bygda Knert-Mathilde. Gjennom barneauge som i dette høvet er Trille, får me kome inn i verda til dei to tolvåringane Trille og Lena som er på veg frå barndom til ungdom. Birgitte kjem flyttande til bygda og skildringa av sjalusi, glede og dårleg samvit er både realistisk og lett å kjenne att. Keeperen og havet tar opp alle dei store temaa som sakn, døden, forelskinga, kjærleik, venskap, konflikt, sjalusi og ikkje minst å skli frå kvarandre for så å finne tilbake til kvarandre att.

Forfattaren syner at ho tar barneperspektivet på alvor og ho har store tema i boka, men det blir aldri fortalt direkte. Det er hendingane som fortel oss kva bodskap ho har. Ho har også klart kunststykket å vekse med Trille og Lena. Dei korte kapitla gjer det overkommeleg for unge lesarar å lese. Det lette spenstige språket vil kunne lesast av bokmålslesarar så vel som nynorsklesarar. Ho maktar å ha eit stort persongalleri som me klarar å halde oversikt over i ein glitrande komposisjon.

Må Maria gje oss fleire litteraturopplevingar i mange, mange år framover. Me vil inn i denne herlege verda fleire gonger, gjerne med andre enn Trille og Lena, men den gode atmosfæren vil me kjenne på att. Barn treng slike historier som syner andre sider ved livet enn YouTube og likes.

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2017 er: Keeperen og havet av Maria Parr.