Når Herøy kommune flaggar ut lærebokkjøpet:

Viktig omsetning går tapt

Vestvang Bokhandel misser viktig omsetning når Herøy kommune flaggar ut lærebokinnkjøpet.
Nyhende

–Ein kan gjerne rope om at butikkane må ha lengre ope. Men viss dei plukkar frå oss beina vi står på, så vil det heller gå andre vegen med lokalbutikkane.

Slik kommenterer bokhandlar Jon Magne Johannessen ei sak som skal opp i Herøy formannskap i dag. Saka er unnateke offentlegheita, og ifylgje fung. rådmann Jarl Martin Møller er det opplysningar som gjeld konkurransemessige forhold som gjer at saka ikkje er offentleg.

– Her er opplysningar som ikkje bør kome ut i samband med ein ny tilbodsprosess, forklarar Møller.

Denne saka blir interessant i ein situasjon der dei handlande i Fosnavåg slit med å halde hovudet over vatnet.

Etter det vi har grunn til å tru, er opplegget at kommunen skal inn på eit større samarbeid om innkjøpstenester mellom anna med Ålesund, og der Ålesund skal forhandle for alle.

Herøy kommune har til no hatt ein lokal avtale om lærebokkjøp med Vestvang Bokhandel. Denne avtalen, som går ut no i sommar, har sikra bokhandelen i Fosnavåg eit læreboksalg til fleire hundre tusen kroner i året.

Bokhandelen i Fosnavåg blir for liten til å konkurrere om ein storavtale med fleire kommunar, noko som betyr at den lokale bokhandelen misser ein viktig del av omsetninga når kommunen fell vekk som kunde på lærebøker.

– Ei utflagging av lærebokinnkjøpa får ikkje berre økonomiske konsekvensar, men betyr også at kompetansen på lærebøker vil forsvinne frå Fosnavåg, seier Johannessen.

Misser 600.000 i året

Herøy kommune kjøpte i fjor for 600.000 kroner i lærebøker ved Vestvang Bokhandel. Dette tilsvarte om lag tjue prosent av bokhandelen si bokomsetning, og rundt seks prosent av den totale omsetninga i 2017.

Enda viktigare fvar lærebokomsetninga den tida dei også hadde Herøy vidaregåande skule som kunde. Då utgjorde læreboksalet om lag halvparten av bokomsetninga.

Herøy kommune har også tidlegare delteke i eit tilsvarande samarbeid, men trekte etter ei tid lærebokene ut av dette samarbeidet dei hadde med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre. I staden inngjekk kommunen ein lokal avtale som har gitt Vestvang Bokhandel viktig omsetning dei siste fire åra.