Splitting blir vurdert i arbeidet med nytt anbod

Splittinga av rute 01 blir aktuell når nytt anbods arbeid startar opp.

Larsnes ferjekai: Det er for lite areal på Larsnes ferjekai til god merking av areal til tre destinasjonar, seier fylkeskommunen i dag, ikkje mange åra etter at anlegget stod ferdig.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Det stadfestar seksjonsleiar Stig Helle-Tautra ved samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.

Han seier det per i dag ikkje er gjort noko med splitte-idèen i høve til det samferdselsavdelinga skreiv til møtet i samferdselsutvalet sist november.

Helle-Tautra opplyser til Vestlandsnytt at det utelukkande er «utfordringar med biloppstillingsplassen på Larsnes» som er årsaka til at spørsmålet om ei splitting kjem opp. Han tilføyer:

– Det er for lite areal på biloppstillingsplassen til merking på ei kai med tre ulike destinasjonar.

På spørsmål frå Vestlandsnytt seier Helle-Tautra at Voksa og Larsnes ferjekai ligg inne på 12. prioritet i fylkeskommunen sitt investeringsprogram for fylkesvegar 2018-2027. Det er allereie avklara at det skal gjerast tiltak på Voksa ferjekai (indre pir) i 2018.

Når det gjeld anbodsprosessen for rute 01, kjem han igang etter at Romsdalspakken og Indre Sunnmøre har kome ut. Det er framleis ikkje avklara kva tid anbodsgrunnlaget på rute 01 skal behandlast politisk, vert det opplyst.