Elise Nærø, dansegalla og Stage Dolls står på programmet

Sommarfesten i emning

Årets sommarfest i Fosnavåg blir i perioden 13.–17. juni, og i år er det «back to basics».
Nyhende

Måndag morgon møttest styret som jobbar med å få årets sommarfest i Fosnavåg på beina. Her blei det avslørt kva vi kan vente oss frå årets sommar-event i Fosnavåg.

– Det er «back to basics». Vi skal gjere det vi er gode på, og det er folkefest. Vi skal ikkje vere nytenkande, men vi skal lage ein folkefest som fungerer for alle saman. I fjor hadde vi nærare 2500 menneske i sentrum. Vi håpar, og tek høgde for, at det er noko vi skal få til i år også, sa Karl Petter Sortehaug etter at møtet var over.

Vidare fortel dei at det blir mest mogleg gratisarrangement og at dette vert finansiert av billettsal for konsertar og arrangement på kveldstid.

– Ikkje minst er vårt mål at dette skal vere eit tiltak som skal støtte opp under lokalt næringsliv. Naturleg nok vil dette bli avspegla i programmet også, legg Gunther Dahler til.

Fleire stillar på stand. Ingvill Sævik Bjørnset håpar også fleire vil hjelpe til med å skape mangfald i buene.

Dette veit vi om årets program

Sommarfesten brakar laus onsdag 13. juni. Denne dagen blir det blant anna moteshow.

Torsdag blir det ein stor gratiskonsert med Elise Nærø. Saman med bandet sitt spelar ho på scena på Almenningskaia. Som oppvarming til denne konserten blir det gratis kaker som sanitetskvinnene står for. Dei oppmodar bakeglade folk som vil bidra med kaker til å ta kontakt, då kakemengda i år må aukast betrakteleg etter fjorårets kakesuksess.

Truleg blir det også innslag med lokale UKM-talent før Elise skal synge.

Fredag blir det, i tillegg til liv i sentrum, dansekveld i Fosnavåg. Etter nokre år utan danseband er dei i år klare med både Sixpack og Steinar Engelbrektson Band. For anledninga er det leigd inn dansegolv som vert lagt over asfalten.

– Vi reknar med danseglade folk frå heile Sunnmøre kjem med bil eller båt, seier styret.

Laurdag blir ein aktivitetsdag med fleire innslag frå scena og i sentrum i løpet av dagen. Det blir familieunderhaldning med blant anna tryllekunstnar. Laurdagskvelden startar med forspel i festivalteltet før Stage Dolls skal spele.

– Desse «varmar opp» for Galaxy band som avsluttar kvelden, smiler Sortehaug.

Som ei avslutning blir det søndag ei stor utandørs familiegudsteneste.