Ser moglegheiter på Sandsøya

Grendelaget ser fleire arbeidsplassar like rundt hjørnet.

Oppvekstsenter: Grendelaget omtalar det som ein god og trygg skule med gode resultat på trivsel og læring. 

Nyhende

«Sandsøy og Voksa grendalag og utvikling» skriv i samband med skulesaka at det føreligg planar som vil resultere i ein markant auke i talet på arbeidsplassar, og nemner utbyggingane som er på gang ved Sandefisk, Sandsøy Servicebåt og Marine Harvest. I tillegg ser ein at fiberutbygginga opnar fleire moglegheiter.

– For eit kringflødd lokalsamfunn er kommunikasjon, arbeidsplassar, butikk, skule og barnehage berebjelkar for å utvikle eit levande samfunn, skriv grendelaget i høyringsfråsegna.

Ein ser på skulen som ein kritisk faktor, og at ein lokal skule vil vere avgjerande for busetting. Ein ser òg saka i høve til planane for vegsamband.