Her er Stig Remøy sin nye reketrålar

Stig Remøy skal byggje ein topp moderne kvitfisk- og reketrålar ved det tyrkiske verftet Cemre. Båten skal fyllast med utstyr frå Sunnmøre.

Herøy siny nye kvitfisk- og reketrålar: Båten som er designa av Rolls-Royce skal leverast frå Tyrkia tidleg i 2020. Han får overført fiskerettar frå Nordøytrål.  Foto: Rolls-Royce

Nyhende

Fartøyet skal ha norsk utstyr for rundt 150 millionar kroner, mykje av dette frå lokale leverandørar på Sunnmøre, opplyser Olympic til Vestlandsnytt.

Remøy seier til Vestlandsnytt at prisen ikkje er offentleg. Men han opplyser at lokale verft, andre norske og andre utanlandske verft var med i konkurransen før valet fall på Cemre, som var klart rimelegast.

Verftet Cemre Shipyard i Istanbul skal byggje nyetrålaren, med levering i januar 2020, altså om under to år. Rolls-Royce har designa fartøyet. Dessutan har Olympic opsjon på ytterlegare eitt fartøy frå same verft.

– Dette er ein ny og moderne generasjon trålarar, der planlegginga skjer under konseptet «smartare, grønare og sikrare». Med vekt på lavt energibruk og reduserte utslepp føyer båten seg inn i vår strategi om berekraftig havbruk. Rolls-Royce har hatt ei sentral rolle i utviklinga, og vi legg vekt på at mykje utstyr skal kome frå lokale leverandørar, seier Stig Remøy.

Den nye trålaren vert utforma for operasjon i arktiske farvatn, og har fiskerettar og behandlingskapasitet for både kvitfisk og reker. Kompetansen frå Rimfrost vil bli brukt til behandling av biprodukt. Fartøyet vil erstatte dagens Nordøytrål, som vart bygt i 2001.

– For oss er dette eit viktig steg for å sikre breidda innan vår marine verksemd, der både arktisk og antarktisk fiske vil spele ei vesentleg rolle i framtida, seier Remøy.

Trålaren på rundt 70 meter vil vere full-elektrifisert, med siste teknologi i alle ledd og katalysatorar som avgrensar utslepp av miljøgassar. Til saman gjer det trålaren, i fylgje Olympic, miljøvenleg og ekstremt energigjerrig. Han vert utstyrt med hybrid framdriftsanlegg, såkalla PM-energieffektive trålvinsjar og Promas styresystem. Båten får ein mannskapskapasitet på 29 personar.

Hide: – Nyskapande

– Det er alltid ei glede å få samarbeide tett om nyskapande prosjekt med anerkjende og framoverskodande reiarlag, og vi er stolte over resultatet vi saman har utvikla, seier Monrad Hide i Rolls Royce Marine.

Det vert for tida også spekulert i om Olympic er like rundt hjørnet med å presentere det som vert konsernet sin komande nye krilltrålar. Følg med på vestlandsnytt.no.