Opna ambulantseksjon for psykisk helse og rus i Myrvåg

– Vi får kortare køyretid

Tysdag opna søre Sunnmøre sin felles ambulantseksjon for psykisk helse og rus i Myrvåg.
Nyhende

Ambulantseksjonen er ei oppsøkjande verksemd som gir heimebehandling for pasientar med psykiske sjukdomar. Dette skjer i samarbeid med kommunane og naudetatane. Tenesta omfattar Herøy, Sande, Ørsta, Volda, Ulstein Hareid og Vanylven.

Denne typen teneste er ofte tryggare og betre for pasientane, i fylgje den nye seksjonsleiaren for tenesta i Myrvåg, Ottar Røyset.

– Mykje av psykiske sjukdommar er ofte knytt til heimen på ein eller annan måte. Ved å møte pasientar på denne arenaen får vi ei heilt anna verktøykasse å jobbe med.

Dette forklarte Røyset til Vestlandsnytt etter at snora var klippa under opninga i Myrvåg tysdag føremiddag. Den blei feira med dei 30 tilsette i tenesta og sentrale samarbeidspartnarar.

Samlar alle under eit tak

Tidlegare har denne tenesta på søre bestått av team i både Volda og på Larsnes. Desse har vore ein del av same teneste og har som resultat drive mykje samkøyring. Dette har til gjengjeld ført til at mykje tid har gått med i køyring.

Det nye ved seksjonen er at dei ambulante tenestene frå Volda og Larsnes no er flytta under eit og same tak.

– Dette gjer at vi kortar ned køyretida i tenesta med over eit årsverk, forklarte Jo Volle, seksjonsleiar ved sjukehuset i Ålesund, i sin tale i høve opninga.

Ei slik reduksjon vil ikkje seie at ein har kutta eit årsverk, snarare betyr det at dei frigjer meir tid til pasientar.

– I tillegg får vi samla eit sterkt fagmiljø i Myrvåg som lettar samarbeid mellom alle tilsette. Dette vil igjen kunne føre til eit betre tilbod for pasientane, forklarar Røyset.

Røyset forsikrar, uavhengig av endringane, at pasientar og brukarar av den ambulante helsetenesta ikkje vil kome til å merke endringar, og at dei vil få same tilbod som før.

Tre team

Tenesta i Myrvåg består no av tre team som jobbar med forskjellige tilnærmingar til pasientar med psykiske sjukdommar.

Det fyrste teamet er AHT-teamet som er ei forkorting av akutt heimebehandlingsteam. Desse behandlar pasientar i akutt krise. Dette kan til dømes vere folk med sjølvmordstankar eller akutt psykose.

Team nummer to er AAT, eller allmennteamet. Desse hjelp pasientar som av både psykiske og fysiske grunnar slit med å kome seg til ein poliklinikk. Dei arbeidar altså poliklinisk i heimen til pasienten.

Til slutt har tenesta i Myrvåg fått eit nytt team, eit så kalla Aktivt oppsøkjande team (ACT) medfinansiert av kommunene. Desse tek seg av pasientar som resten av systemet ikkje klarar å nå gjennom til.

– Pasientgruppa til dette teamet er ikkje stor. Den omfattar personar som slit med, eller kor det er mistanke om, ei psykose-liding. der systemet elles ikkje klarar å fylgje opp pasienten, forklarar Røyset.

Samde i lokaliseringa

Arnulf Goksøyr var på plass og gav ein blome til dei tilsette før han takka for ei logisk og fornuftig lokalisering for tenesta.

– Eg meiner det er fint at vi klarer å samle denne fellestenesta for «Sjustjerna» i Myrvåg. Det ligg god logikk i grunn i plasseringa. Den er sentral og er ideell med tanke på avstand til brukarane, sa han etter opninga.

Til stade var også ordførarane frå Sande og Hareid. Både Dag Vaagen og Anders Riise var samde i at lokaliseringa er den mest riktige og framtidssikre.

– Sande kunne sjølvsagt stilt seg meir imot denne lokaliseringa, men vi ynskjer i dette tilfelle å sjå korleis dette er med på å styrkje tilbodet for brukarane og for regionen, fortel Vaagen til Vestlandsnytt.