Startar nytt kulturkonsept der mat og musikk står sentralt

– Sanseleg og fysisk behag

I Gjerdsvika satsar Stig Gjerde på eit nytt kulturkonsept der mat og musikk går hand i hand.

Stig Gjerde: Med si nye kommersielle bedrift «Gjerde mat og musikk» vil Stig Gjerde kombinere musikk, kunst og mat i ei heilskapleg oppleving. Tematikken skal variere frå gong til gong og kjem til å ha hovudbasen i Gjerdsvika.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Kroppen treng både sanseleg og fysisk behag og med dette konseptet ynskjer eg å gi det i ei og same oppleving.

Stig Gjerde sit ved solveggen utanfor Adolfbuda i Gjerdsvika. Det han snakkar om er den nye bedrifta han nyleg har starta, «Gjerde mat og musikk».

– Vanlegvis når ein reiser på ein konsert et ein gjerne mat før eller etter sjølve musikkopplevinga. Med dette konseptet vil eg kombinere maten inn i sjølve musikkopplevinga. Dette er fordi musikken kan påverke maten ein et, og omvendt, forklarar Gjerde, medan vinden løftar litt på hans karakteristiske krøllar.

Konseptet tek sikte på å tilby mat med ei tilhøyrande kunst og konsertoppleving. Musikarar, aktuelle kokkar eller bakarar blir henta inn alt etter som.

Skryt av det lokale

Ein annan pådrivar for å starte dette konseptet er det kulturelle mangfaldet lokalområdet på søre har å by på.

– Vi har så mange dyktige kunstnarar, musikarar og ikkje minst mykje gode råvarer og mattradisjonar her ute. Eg har lyst til å samle nokre av desse til ei heilskapleg oppleving, fortel Gjerde som er utdanna musikklærar.

Han påpeikar viktigheita av å framheve det lokale.

Forskjellig frå gong til gong

Gjerde forklarar at arrangementa han skal halde kjem til å ha ulik tematikk frå gong til gong.

– I fyrste omgang skal eg i april ha ein ettermiddag på Adolfbuda med norsk musikk og det sunnmørske kakebordet som tema.

I tillegg til å vere lokalt ser Stig for seg at ein også kan ha tematikk som spelar på heilt andre kulturar enn det sunnmørske og norske.

Lokasjonen for arrangementet kjem i fyrste omgang til å vere på Adolfbuda som Gjerde har leigd inn for nokre arrangement. Gjerde jobbar også med å lage eigne lokale på garden sin i Gjerdsvika som skal brukast til dette formålet.

Litt av overskot til veldedigheit

I tillegg til sin openbert kulturelle profil har Gjerde også ynskje om å vere litt velgjerande. Derfor skal 10 prosent av overskotet gå til ein organisasjon som heiter «Slottets barn». Dette er ein organisasjon som har som mål å gi born og einslege forsørgarar ein betre start på livet.